– Norske kommuner bør ut av fossilselskap

– Norske kommuner bør trekke sine pensjonsinvesteringar ut av fossile energiselskap, av omsyn til klima og finansiell risiko. Det seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Alfred Bjørlo

Venstre-ordføraren i Eid ber no kommunane sitt felles pensjonsselskap KLP om å setje i gang arbeid med sikte på å trekke kommunale pensjonsfond ut av investeringar i olje-, gass- og kolselskap frå 2015, tilsvarande prosessen Stortinget har vedtatt at Statens Pensjonsfond Utland (SPU) skal setje i gang.

– Kommunene er “førstelinja” i samfunnsberedskapen mot menneskeskapte klimaendringar og ekstremvêr. Lokalsamfunn over heile landet kjem til å merke effektane av villare og våtare vër i framtida. Dess meir omfattande klimaendringane blir, dess større blir dei økonomiske konsekvensane for norske kommuner. Det er difor naturleg at kommunesektoren går føre i å flytte investeringar over i energiformer som kan avgrense omfanget av klimaendringane til FNs vedtatte togradersmål, seier Alfred Bjørlo, som også er direktevald medlem i landsstyret i Venstre.

Kommunal Landspensjonskasse (KLP) forvaltar pensjonspengane til om lag 350 av landets 450 kommuner og fylkeskommuner og 25 av 26 helseforetak. Over 630.000 personar har pensjonsrettane sine i KLP. Selskapet har truleg minst 7 milliardar kroner plassert i olje-, gass- og kolselskap.

Investeringar i fossilselskap skaper også ein “dobbel” finansiell risiko for norske kommuner som det er nødvendig å ta på alvor. Kommunal sektor er som staten avhengig av inntektene frå norsk olje- og gassproduksjon for å halde oppe tenestetilbodet. – Den finansielle risikoen ved å investere pensjonspengane i same sektor som den løpande drifta av norske kommuner er avhengig av, og som klimaomsyn tilseier kraftig nedtrapping av i åra som kjem, er betydeleg seier Alfred Bjørlo.

– Partia på Stortinget står no samla om at eit pensjonsfond eigd av det norske folket ikkje kan vere likegyldig til kvar og korleis fondet investerer, og om å peike ut ei retning bort frå investeringar i fossilindustrien. Eg legg til grunn at den same politiske viljen no vil sørge for same prinsippbeslutning for kommunale pensjonsmidlar, og ventar brei oppslutnad blant eigarane til KLP om dette framlegget, seier Venstre-ordførar Alfred Bjørlo.

Kontakinformasjon:
Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, mobiltlf 480 82 652.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**