Den digitale allemannsretten må sikrast!

Venstre meiner at tilgang til Internett og mobilnett må vere ein allmenn rett, på linje med annan grunnleggjande infrastruktur.

Sogn og Fjordane Venstre krev ei snarlig utbygging av trådlaust 4G datanett i fylket, samt statlege incentivordningar som sikrar tilfredsstillande dekning og hastigheit for alle.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

digital

Sogn og Fjordane Venstre meiner at tilfredsstillande Internett-tilgang og overføringskapasitet er ein digital allemannsrett. På tross av dette har eit stort tal av fylket sine innbyggjarar ikkje tilfredsstillande nett-tilgang.

Koparnett som gjev under 1Mbit/s, dårleg mobildekning, manglande tilbod av fiber, ustabile radiolinkar, og knappe kvoteavgrensingar frå leverandørane av mobilt internett, er alle forhold som gjer at svært mange innbyggjarar og verksemder i Sogn og Fjordane ikkje kan nytte internett på lik linje med dei aller fleste i landet.

Vi aksepterer ikkje å verte utelukka frå den digitale allemannsretten.

Sogn og Fjordane Venstre krev ei 4G datanett i heile i fylket, samt statlige incentivordningar som sikrar tilfredsstillande dekning, og hastigheit for alle.

Sogn og Fjordane Venstre krev skikkelig breiband til alle – no!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**