Krafttak for fleire læreplassar

Tusenvis av ungdommar opplever kvar haust at dei ikkje får læreplass etter å ha fullført VG2. Svært mange av søkjarane til læreplassar fell ut i overgangen mellom skule og opplæring. Venstre etterlyser eit krafttak for å sikre fleire læreplassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Eit svært stort tal med elevar står utan et arbeidstilbod som lærling. For dei det gjeld kan det bety at dei aldri vender tilbake til den yrkesutdanninga dei ein gong begynte på, og ei uviss framtid i staden for ei ønska yrkeskarriere.

Vi veit at vi vil mangle fleire titusen av fagfolk i framtida. Berre innanfor pleie og omsorg seier prognosane at det i 2030 vil mangle minst 41.000 årsverk. Behovet er stort også i andre bransjar.

Motivasjon og interesse er dei viktigaste føresetnadane for læring. Når elevane ikkje får læreplassar og dermed ingen kontakt med det profesjonelle fagmiljøet under utdanninga, opplevast utdanninga som lite relevant. Då fell interessa for skule. Rundt halvparten av elevane på yrkesfag gir opp før dei er ferdige. Ein læreplass er ei muligheit til praktisk læring i eit fagmiljø. Det gir motivasjon, begynnande yrkesstoltheit og gjer den teoretiske læringa meir relevant.

Kommunesektorens organisasjon (KS) har sett eit mål om éin lærling pr. 1.000 innbyggjarar. I fleire fylker er ein langt unna å nå dette måltalet, og meir kan gjerast både av offentlege og private arbeidsgjevarar.

Venstre meiner det er eit felles ansvar for private og offentlege arbeidsgjevarar å syte for at det er nok læreplassar. Samfunnskontrakten mellom offentlege myndigheiter og partane i arbeidslivet om fleire læreplassar må forsterkast ut over ambisjonen om å auke talet med læreplassar med 20 pst. mellom 2011 og 2015.

Staten har eit særskilt ansvar for å ta inn fleire lærlingar, og er ein stor arbeidsgjevar i Noreg. Venstre meiner at målet minst må vere å doble talet lærlingkontraktar i statleg sektor i løpet av dei neste tre åra.

Det er viktig at elevane får kontakt med arbeidsmarknaden tidleg og at vi gir elevane muligheita til å stifte kontaktar via meir flittig praksis i løpet av tida ein bruker på skulebenken. Det er også viktig at fylkeskommunen, kommunane, skulene og bedriftene jobbar tettare saman for å hjelpe elevane med å finne læreplass, då blir det også lettare for elevar og arbeidsmarknaden å finne kvarandre.

Venstre vil:
At lærlingtilskotet vert auka for å gjere det meir attraktivt å ta inn lærlingar.
Jobbe for å fjerne arbeidsgjevaravgifta for lærlingar. Det vil gjere at bedrifter oppnår besparelse som vil virke som et insitament for å ta inn lærlingar.
Forenkle og auke bruken av praksisbrev, for på denne måten sikre fleire fagarbeidarar og redusere fråfall.
Sette ambisiøse mål for offentlege verksemder sitt inntak av lærlingar, og innføre eit mål om minst å doble talet lærekontraktar i statleg sektor i løpet av inneverande stortingsperiode.
Fornye “Samfunnskontrakten for flere læreplasser” i 2015 med større vekt på målbare tiltak

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**