Ei stor lette

– No har ikkje regjeringa anna val enn å seie nei til sjødeponi ved Engebø i Førdefjorden. Eg tenkte at no kan ikkje regjeringa oversjå den kunnskapen dei har sagt dei skal bygge avgjerda si på, seier leiar Gunhild Berge Stang, etter å ha fått nyhenda om innstillinga frå Miljødirektoratet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Gunhild Berge Stang

Foto: Fotograf Vidar Helle

Miljødirektoratet melder Vektlegger miljøfaglige hensyn i Førdefjorden

Regjeringa har heile tida sagt at avgjerda skal vere kunnskapsbasert. Når dei to fagdirektorata, Fiskeridirektorate og Miljødirektoratet, seier nei, så ser ikkje eg at departementet kan seie noko anna, seier Berge Stang.
Ho legg til at visst regjeringa ikkje meinte noko med at avgjerda skulle vere kunnskapsbasert, så kunne dei spart seg alle undersøkingane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**