POLITISK REKNESKAP 2013 BALESTRAND VENSTRE

Dette er nokre av sakene Balestrand Venstre si kommunestyregruppe har arbeidd med i 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


AMBULANSEN:
Noko som har vore mykje diskutert i Balestrand i 2013 er den såkalla ambulanse-saka. Dette er ei sak som ikkje har vore oppe som ordinær sak i politiske fora, men der politikarane heile tida har vorte haldne orientert. Det er politisk og administrativ leiing som har handtert denne saka for kommunen opp mot Helse Førde og fylkesmannen. Kommunen har etter kvart også trekt inn KS for råd og støtte. Venstre si komunestyregruppe har undervegs heile tida gitt utrykk for støtte til ordførar, rådmann og kommunalsjef for det arbeidet desse på vegner av kommunen har lagt ned i denne saka. I slike saker/forhandlingar handlar det mykje om balansegang og taktisk klokskap, og vi har derfor funne det rett at Venstre som parti ikkje skal gå ut i media og synse kring temaet då mistolkingar og utilsikta signal lett kan oppstå.
Ei sak i kommunestyremøtet 5. desember har likevel link direkte til ambulansesaka:
SAK 0044/13 — «Vurdering av delavtale med Helse Førde HF – Den akuttmedisinske kjeda»
Dette er ein delavtale som omfattar mellom anna ambulansetenesta. Kommunestyret vedtok einstemmig å seie opp denne avtalen med verknad frå 06.12.14.

ESEFJORDEN:
I 2013 har lokalpolitikken i Balestrand vore prega av mykje semje mellom partia. Eit av dei få unnataka er saka om strategival vedrørande vegsambandet Dragsvik — Holmen der vi i Venstre saman med SV kom i mindretal med vårt syn, men der vi likevel vann fram til slutt takka vere påtrykk frå ulike fagstyresmakter.
Sidan gongen i saka om Esefjordvegen er godt kjent, kjem eg her berre med ei kort oppsummering.
Ved årsskiftet 2012/13 kom Statens Vegvesen si overordna utgreiing om Fv 55. Der vart forholdet mellom kostnadane for dei ulike alternativa vdr. Esefjorden snudd heilt på hovudet samanlikna med utgreiinga frå 1995. 16. januar vart det halde folkemøte om Esefjorden med grunnlag i den nye utgreinga frå Statens Vegvesen.

Balestrand Venstre hadde eit medlemsmøte framfor f.m.sk.møtet 21. mars. På dette medlemsmøtet gjekk ein — når det gjalt strategival – samrøystes innfor bru. Men medlemane var like klare og samrøystes på at alternativet med rassikring/utbetring i tillegg skulle utgreiast.
Dette synet vart følgt opp i formannskapet utan at vi fekk støtte av andre. I kommunestyremøtet 18. april vart vi og SV ståande åleine om å forlange også alternativ utgreiing. Då dette var klart, stemde V og SV saman med dei andre partia ved den endelege avrøystinga. Dette er eit bidrag frå dei to partia til å skape semje og ro kring ei sak som har splitta kommunen i all for lang tid.

F.m.sk.møte 13. juni: Det vart vedteke å legg planprogrammet vdr. kommunedelplan for Esefjorden ut på høyring med frist 2. september. Av uttalane som kom inn tilrådde følgjande også utreing av rassikrings-/utbetringsalternativet:
Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Visit Sognefjord AS,Gunnar Urtegaard, Esefjorden best utan bru — initiativgruppe m/Bjørn Skanke Sande m.fl, Ole Jonny Grøneng, Kjetil Netland m.fl.

F.m.sk. 12. september:
Følgjande er også med i vedtaket vdr. planprogrammet for kommunnedelplan, Esefjorden:
«I planarbeidet skal det bli klargjort eit alternativ med opprusting og rassikring av vegen rundt Esefjorden. Dette arbeidet skal ta utgangspunkt i Statens vegvesen si utgreiing av Fv 55 Sognefjellet-Vadheim des. 2012, men også vurdere alternative løysingar og trasear, jf. Statens vegvesen si utgreiing i 1995. Ved opprusting av eksisterande veg skal det vektleggast at vegen vert rassikker og opprusta til akseptabel standard etter dagens krav. Det skal søkast løysingar som er godt tilpassa landskap og i minst mogeleg grad fører til store skjemmande inngrep i sjø og landareal.» (Vedteke samrøystes)

Kommunestyret 26. september:
Punktet om alternativ utgreiing vart ståande, men denne gongen gjekk Høgre sine 5 representantar mot.

BUDSJETT:
Den mest krevande og alvorlege saka i 2013 — og då med tanke på konsekvensar for kommunen — er likevel budsjettet for 2014/økonomiplanen 2014 — 17. I denne saka var det drøftingar mellom Ap, Sp og V i framkant av kommunestyremøtet 5. desember utan at ein kom fram til ei felles haldning. Usemja mellom dei tre partia gjekk konkret på forslaget om innsparingar ved å ha ein felles rektor for Sagatun skule og dei to oppvekstsentra. Ved budsjetthandsaminga i kommunestyret gjekk eit fleirtal av Sp, halve V, KrF, SV og Høgre inn for å føre ordninga med 3 rektorar vidare. For å dekke inn dette er det gjort ekstra kutt i budsjettet og økonomiplanen ved dei 3 skulane
Årsrekneskapen for 2012, med sine nærare 1,5 mill i overskot, gav grunn til optimisme og førestillingar om ei lysare økonomisk framtid for Balestrand. Denne optimismen vart kraftig dempa gjennom dei to tertialrapportane i 2013 med sine overskridingar i millionklassen. Også arbeidet med budsjettet synte til fulle at den økonomiske stoda i Balstrand er stram og vil forbli det i åra framover.

«Vurdering av utvida grenser for eigedomsskatt» er ei sak som har direkte link til den økonomiske situasjonen i kommunen og budsjett 2014. Sidan kostnaden med taksering er rekna til ca. 600.000 fann Venstre i f.m.sk.møtet 07. november det naudsynt å føreslå utsetting av taksering til 2015. Dette vart vedteke — også i kommunestyremøtet 5. desember.
Høgre og KrF har heile tida stemt mot å utvide grensene for eigedomskatt.

POLITISK ORGANISERING
5. desember: Kommunestyresak 0039/13 «Politisk organisering»
Det har gjennom heile 2013 vorte ytra misnøye med det reduserte talet på kommunestyremøter. Misnøya har helst vorte framført frå Høgre og Ap, og har m.a. gått på at saker og orienteringar har hopa seg opp og at det såleis har vorte for lite tid til debatt og engasjement i kommunestyremøta.
Mot Sp sine tre stemmer vart det vedteke å auka tal kommunestyremøte med 4 for 2014 samt legge ned dei to hovudutvala, OO og PU.

(Råmund Nyhammer, gruppeleiar Venstre)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**