Årsmelding Balestrand Venstre 2014

Vedteken på årsmøtet 22.1.2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Styret 2014:
Leiar: Britt Grimelid
Nestleiar/skrivar: Råmund Nyhammer
Kasserar: Jon Asbjørn Målsnes
Styremedlem: Jarle Geithus

Varamedlemer: Lars Sjøthun, Erna Gjerde, Hanna Menes, Ragnar Åland
Revisorar: Lars Sjøthun og Arild Hellenes
Valnemnd (utpeika på styremøte den 15.09): Jarle Geithus, Lars Sjøthun

Medlemstal:
24 betalande medlemer

Møter:
Styremøter: 2
Medlemsmøter: 9
Gruppemøter: 7 i form av telefonmøter
Elles har k.st.gruppa delteke i ymse møte med dei andre partia vdr. budsjettet for 2015.

Studiearbeid
Medlemsmøta vert rekna som studiearbeid.

Media

Balestrand Venstre har ikkje hatt innlegg i aviser i 2014.
Heimesida til partiet har vore brukt til informasjon i samband med årsmøtet 2013 og møteplanar (organisatorisk og politisk) for 2014.

Innmelde saker frå Balestrand Venstre
Laget har ikkje meldt inn saker til kommunen i 2014.

Utsendingar

I høve årsmøtet til BV var det ingen av dei frammøtte som hadde høve å delta på Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte. I ettertid vart leiaren påmeld, men måtte melde fråfall grunna sjukdom.

Lokalpolitisk nettverk
Nettverkssamlinga (LPN) hausten 2014 vart arrangert på Kviknes hotel. Frå lokallaget deltok Råmund Nyhammer 2 dagar og Britt Grimelid 1 dag.
I tillegg deltok Marta Kvikne.

Kattavollen, 20.01.2015
Britt Grimelid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**