Fylkesårsmøtet er opent for alle interesserte, sjølv om berre valde utsendingar har tale- og stemmerett. Av viktige saker som skal handsamast er framlegget til nytt prinsipp-program for Venstre og framlegget til nytt fylkestingsprogram. I tillegg vil det sjølvsagt bli debatt om aktuelle politiske tema. Stortingsrepresentanten vår og helsepolitisk talsmann i Venstre, Gunvald Ludvigsen er gjest på møtet.
Programmet til møtet finn du her
Fylkesårsmøte 2007
Sogn og Fjordane Venstre held fylkesårsmøte på Skei Hotell 17. – 18. februar.