Set elevane i fokus

Ein av fire elevar droppar ut av vidaregåande utdanning. Berre 56% av elevane fullfører på normert tid. Hausten 2005 byrja heile 8000 elevar på nytt grunnkurs.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Hordaland Venstre er bekymra for dei høge fråfallstala og meiner det er på tide å tenke radikalt nytt rundt skulepolitikken.

– Skulen må gje kvar einskild elev opplæring basert på deira eigne evner, føresetnader, behov og ønskjer, meiner Hordaland Venstre.

Skole

Foto: Luth

Hordaland Venstre føreslår fire konkrete tiltak for å gjere den vidaregåande opplæringa betre og meir tilpassa den einskilde elev:

Styrk rådgjevingstenesta
Det må stillast faglege krav til rådgjevarar på ungdomstrinnet og på vidaregåande skule.

– På sikt må desse vere profesjonsutdanna til å rettleie elevar som er usikre på utdanningsval, meiner Hordaland Venstre.

Meir praksis på yrkesfag
Ikkje alle bør tvingast gjennom skuleår med vekt på teori før det blir gitt høve til praksisplass.

– Venstre ønskjer ein modell med 50/50-fordeling mellom teori og praksis, medan det 4. året vert eit reint praksisår, meiner årsmøtet.

Prøveordning med mappevurdering
Venstre ber Hordaland fylkeskommune søkje departementet om å få gjennomføre forsøk med mappevurdering i staden for dei sentrale skriftlege eksamenane. På slutten av året kan elevane si mappa bli vurdert av ekstern lærar som erstatning for eksamen.

– Dei sentralgjevne skriftlige eksamenane vi har i dag er til hinder for opplæring, fordi eksamenane på slutten av året blir sjølve målet for undervisninga, sa årsmøtet.

Meir individtilpassa opplæring
Undervisninga må så langt som mogeleg tilpassast den einskilde elev fordi kvar elev er unik og har ulike metodar for best å tileigna seg kunnskap.

– Venstre meiner nøkkelen til ein betre skule med tilpassa opplæring ligg hjå lærarane. Difor vil Venstre gi alle lærarar, etter eit visst antal år med undervisning, høve til eit kompetanseår for anten å praktisere eit anna arbeid, eller for fagleg påfyll, meiner Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**