REFERAT FRÅ BALESTRAND VENSTRE SITT ÅRSMØTE

4.1.2007 PÅ MIDTNES HOTELL

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


ÅRSMØTE I BALESTRAND VENSTRE
på Midtnes hotell 4/1-2007 kl 1900

Desse møtte: Råmund Nyhammer, Tove Ytrelid, Kari Tordis Aarskog, Lars Sjøthun, Olav Sjøthun, Jon Asbjørn Målsnes, Jarle Geithus, Jakob Nyborg-Christensen, Marta Kvikne, Britt Grimelid Menes, Arild Hellenes, Odd Aarskog.

Leiaren, Råmund Nyhammer helsa alle velkomne,
Innkalling og sakliste vart godkjende.

Råmund Nyhammer vart vald til møteleiar, Odd Aarskog skrivar og Tove Ytrelid og Marta Kvikne til å skriva under møteprotokollen.

Årsmeldinga 2006 vart gjennomgått og godkjend.

Rekneskap.
Jarle Geithus gjekk gjennom rekneskapet. Revisoren, Olav Sjøthun ynskte ei liste over medlemane i samband med posten medlemspengar. Dette vert retta opp til neste år. Ellers vart rekneskapen godkjend utan merknader.

Kontigent 2007.
Det vart noko diskusjon om høgre eller uendra kontingent. Marta gjorde framlegg om høging frå 75 kr til 100 kr under føresetnad av at fylkeslaget og sentralstyret ikkje høga kontigenten sin. Dersom fylkeslaget og sentralstyret aukar kontigenten, reduserar me vår auke tilsvarande.

Val av styre 2007
.
Framlegget frå valnemnda vart samrøystes:
Leiar: Råmund Nyhammer (1år)
Nestleiar: Odd Aarskog (1år)
Sekreter: Jon Asbjørn Målsnes (2 år)
Kasserar: Jarle Geithus (2 år)
Styremedlem: Marta Kvikne ( 2år)
Varamedlemer: Lars Sjøthun, Arild Hellenes, Mesete Sande, Arne Håland, Britt Grimelid Menes (alle for 1 år)
Revisorar: Trygve Sande ( 1 år) , Olav L. Sjøthun ( 1 år).
Valnemnd: Tove Ytrelid, Lars Sjøthun.

Val av utsendingar til fylkesårsmøtet:

Råmund Nyhammer, Jakob Nyborg-Christensen, Britt Grimelid Menes
Vara: Tove Ytrelid Andersen, Kari Tordis Aarskog, Kari Bolstad og Jon Asbjørn Målsnes
Utsending til nominasjonsmøtet: Råmund Nyhammer

Møtet slutt 2115

Tove K. Y. Andersen – sign
Marta Kvikne – sign

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**