Velkommen til Balestrand Venstre

Er du oppteken av miljøspørsmål? Interessert i lokalpolitikk? Meiner du at eit parti skal rådføre seg med og lytte til den/dei ei sak gjeld? Er rettferdig fordeling mellom utkantar og sentrum eit viktig prinsipp for deg? Er du samd i at kommunen må ha ein nøktern og realistisk i pengebruk?
Vi i Balestrand Venstre – d.v.s. godt over 30 betalande medlemmer – svarar ja på spørsmåla ovanfor. Er du interessert i å vere med, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med med oss

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Er du oppteken av miljøspørsmål? Interessert i lokalpolitikk? Meiner du at eit parti skal rådføre seg med og lytte til den/dei ei sak gjeld? Er rettferdig fordeling mellom utkantar og sentrum eit viktig prinsipp for deg? Er du samd i at kommunen må ha ein nøktern og realistisk i pengebruk? Vi i Balestrand Venstre – d.v.s. godt over 30 betalande medlemmer – svarar ja på spørsmåla ovanfor. Er du interessert i å vere med, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med med oss. Det kan då vere greitt å minne om at i styret sit Råmund Nyhammer, Odd Årskog, Jon Asbjørn Målsnes, Jarle Geithus og Marta Kvikne. Som gruppeleiar i kommunestyret har vi Britt Grimelid Menes.

Balestrand Venstre er eit aktivt lag. Ser vi vekk frå sommaren, har vi partimøte annakvar veke i snitt. Her vert aktuelle politiske spørsmål tekne opp med mange friske og spennande diskusjonar.
Eg kan, når det gjeld 2006, kort nemne nokre einskildsaker der engasjementet har vore spesielt stort:
– Uttale til NVE vedrørande Statskraft si planlagde kraftline mellom Fardal og Ørskog; ei viktig miljøsak der vi hadde godt samarbeid med SV.
– Lokalisering av miljøstasjonen som vi ynskte å legge på næringsarealet på Holmamyrane i staden for midt i eit turistområdet på Dragsvik med ferjekaiaein — ein viktig innfallsport til kommunen – og ein campingplass som næraste naboar.
– Saka om breiband til utkantane handlar om mest mogeleg like tilbod til alle deler av kommunen. Særskilt har partiet si “førstedame”, Britt Grimelid Menes, lagt ned eit stort arbeid i denne saka.
– Vidare har Venstre teke opp parkeringsproblema i Holmen; problem som no ser ut til å kunne ryddast opp i.
-Til slutt nemner eg vår kreative og energiske medlem, Jakob Nyborg-Christensen, som tok opp ei sak som går på auka tilflytting gjennom sal av nedlagte/fråflytta gardsbruk. Denne saka er no vorte til eit prosjekt i regi av Sogn Regionråd.
Elles har vi vore innom ei mengd store og små tema. Balestrand Venstre sin grunntanke, “Heilskap i kommunepolitikken”, ligg alltid som basis når vi diskuterer kva syn vi skal ha i dei ulike sakene.

Hausten 2007 et det val til kommunestyret igjen. Balestrand Venstre er godt i gang med førebuinga til dette. Programarbeidet er i startgropa, og seinare kjem planlegging av valkampen. Men ein ting er vi ferdig med. Det er forslaget til valliste, men i tida fram til denne vert endeleg godkjent på nominasjonsmøtet tilføyer vi gjerne fleire namn. Har du lyst til å bli med på lista vår? Eller lyst til å støtte oss gjennom “berre” å vere medlem? Ta kontakt — du er velkommen til Balestrand Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**