Venstre om farleg veg forbi Dalen barnehage

Kjære vegvesen,
bruk høyringstida til å montere 50-skilt!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

Det logiske forbi ein barnehage med 47 barn er å sette NED farta, ikkje å få ei oppmuntring frå Vegvesenet om å køyre fortare. Det hastar med å få 50-grense forbi Dalen Misjonshus og Dalen barnehage på fylkesvegen mellom
E-18 på Dalen i Austre Moland og Saltrød/Strengereid.

Misjonshuset har stor aktivitet på ettermiddags- og kveldstid med barnekor, juniorkor og eit av regionens største ungdomskor, i tillegg til religiøse møte, andre møte, private arrangement – og altså 47 barn i Dalen barnehage i kjellaren. Kvar morgon mellom 0730 og 0900 blir dei fleste av barna frakta til barnehagen, og før 1630 blir dei frakta heim igjen. Kvart einaste eitt av desse barna er gull verd for oss.

Dette er ei underleg sak.

1. Kjem du køyrande på E-18 og skal svinge av mot Saltrød eller Strengereid har du køyrt i 60- og 70-sone sørfrå eller 70-sone nordfrå, med gang- og sykkelveg langs vegen. Så blir det 80-grense i 600 meter opp ein bakke og rundt ein skrent i ein krapp høgresving like før avkøyring til misjonshus/barnehage.

2. Kjem du køyrande frå Saltrød kjem du gjennom ei 60-sone forbi Tveiterød i 700 meter. Det står tre skilt med 60-grense på langs vegen. Så gir Vegvesenet deg lov til å sette opp farta 150 meter før barnehagen!

3. Kjem du frå Ottersland, Sagene, Saltrød eller Flosta møter du 60-skilt like før avkøyring til Harveland, og så køyrer du 1,7 km med stadige påminningar om 60-grense. Så kjem du gjennom eit kryss, blir minna om 60-grense, og så blir 60-grensa oppheva 150 meter før misjonshuset og barnehagen.

På mindre enn 150 meter møter du tre skilt:
Først påminning om 60-grense mens du har eit jorde tomt for barn på høgre sde og ein like barnetom skog på venstre side. Så blir 60-grensa oppheva (altså lovleg å køyre i 80 km/t) og så kjem eit skilt om fare for ungar i vegen.

Det neste du møter er avkøyringa til barnehagen.

Mange som bur på Eydehavn, Saltrød eller i Flosta brukar vegen forbi barnehagen for å sleppe å køyre den sterkt trafikkerte kystvegen Saltrød-Barbu kvar morgon og ettermiddag. Mange av dei som køyrer her, køyrer for å spare tid – for å kome fort fram.

Vegvesenet treng inga høyringsrunde. Om ein regel krev høyringsrunde kan Vegvesenet FØRST henge opp midlertidige 50-skilt. Det viktige må vere å hindre ulykker. Send opp ei kvinne eller ein mann med noen skilt i dag!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**