Karmøy kommune og markagrenser

Karmøy kommune uttalar seg i Budsjett og Økonomiplan 2006 – 2009, med referanse til tre stortingsmeldingar, om kommunen sine plikter l1(når det gjeld å ta vare på biologisk mangfald, grøntstruktur og viktige friluftsomrade.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Kommunen vil, i tråd med sentrale føringar, etablere ei grense mellom viktige friluftsomrade og utbygging (markagrense) for å verne om friluftsinteressene og det heiter:
“En slik plan med markagrense mellom utbygging og viktige friluftsområder bør etableres i alle kommuner med tettstedsnære markaområder innen 2006. Markaplanen er tenkt gjennomført av kommunen selv i 2006.”
Karmøy Venstre vil gi si tilslutning til å få etablert markagrenser som eit prioritert tiltak med den framdriftsplan som ligg i formuleringa frå kommunen. Det er viktig å få dette på plass før store byggeprosjekt som er under planlegging blir tatt opp til politisk behandling. Me ser det som spesielt viktig å etablere markagrense for sør-Karmøy der ein arbeider med konkrete planar om ein større vindmøllepark og for fastlands-Karmøy der ein arbeider med planar om søppelforbrenningsanlegg på Spanne. Utbygging her kan gjera uboteleg skade både for viktige friluftsomrade og for nærmiljøet elles.
Fastlands-Karmøy har kraftig auke i bustadbygging, men relativt små samanhengande friluftsområde. Det er difor på høg tid å skjerma Spannemarka/ Helgelandsmarka mot inngrep, noko som vil vera i tråd med krav fra fylkesmannen om miljøtunellar for vegbygging i dette området.
Karmøy Venstre vil arbeida for at me tar vare på friluftsområde nær område med tett busetnad då desse er viktige for trivsel og gode bumiljø. Å etablere markagrenser i løpet av 2006 bør vera eit prioritert tiltak for å oppnå dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**