Venstre-veteran på topp

August Vonheim stiller igjen på toppen av Venstre si liste, etter fleire år i ein meir anonym posisjon. Han har vore medlem i Venstre sidan 1962, og har bak seg 32 år i kommunestyret i Vanylven. Dei siste åra har han vore meir ei støtte i bakromet, medan andre har fronta Venstre i kommunal samanheng. Når han no stiller igjen har vi sjansen til å få inn ein ansvarleg mann med lang fartstid og mykje erfaring og engasjement.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


August Vonheim har lenge vore ein stor kapasitet, med bl.a 35 år bak seg i Statens Naturskadefond. Han har vore vara i til Møre og Romsdal Fylkesbåtar i 4 år, samt vara til Fylkeslandbruksstyret like lenge. I tillegg har han vore varamann til fylket sitt Helse- og Sosialutval.

Vonheim har vist eit breitt og allsidig engasjement. I perioden 69-73 var han endatil varamann til Stortinget for Møre og Romsdal Venstre.

I ungdomstida var han leiar for Trondheim Unge Venstre, der han tok over etter Odd Einar Dørum. Seinare var han valkampleiar for Møre og Romsdal Venstre, då Bjarne Flem og Hans Hammond Rossbach kom inn på Stortinget.

Vår mann har vore aktiv på mange område. Gjennom sitt kulturengasjementet har han bidrege til at Vanylven i si tid fekk statlege tilskot til fordeling i kommunen. Han starta opp Vanylven sin første barnehage heime i sin eigen kjellar og han har vore leiar i Samferdsleutvalet i vår kommune.

Vanylven Venstre er glade for å ha ein slik kapasitet i sine rekkjer, og vonar at mange ser verdien av å gje si stemme til ein mann med stort engasjement og med vilje til å stå på for fellesskapet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**