Til minne om æresmedlem Magnus Berg

Det var gravferd for Magnus Berg 20. mars. Magnus Berg var mangeårig æresmedlem i Arendal Venstre og Aust-Agder Venstre. Mange gode og velfortente ord blei sagt i gravferda, både frå familie, prest, speidarar og leiar Aslak Heim Pedersen i Aust-Agder Idrettskrets.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Magnus Berg fylte 100 år i april 2006, og hadde stor fest på Strand Hotell på Fevik. Da han døde var han godt igang med å planlegge 101-årsfesten.

Han har vore medlem av Venstre sidan midt på 1920-talet, truleg 1922. To periodar i kommunestyre og formannskap i gamle Øyestad kommune, ein periode i formannskapet i gamle Hisøy kommune. Viktig organisator da stumpane av Venstre i Aust-Agder skulle reddast etter kløyvinga på Røros. Tokover som fylksleiar, truleg etter Arne Tosseviken som først rydda etter Røros og dei som forsvann ut. Så kom Magnus inn med full tyngde, før Fred J. Engesæth og yngre krefter enn Magnus tok over igjen. Fylkeslaget utnemnte Magnus Berg til æresmedlem i 1980-1981. Ved stortingsvalet i 2005 var Magnus Berg førstemann som stemte på Nedenes, og i helsides oppslag i Agderposten fortalte han at han hadde stemt Venstre og grunnga det som om han hadde skrive også nyaste prinsipprogrammet i partiet! På fylkesårsmøtet i 2006 møtte han opp og gheldt ein inspirerande tale.

Magnus Berg har vore skolemann i heile yrkeslivet. Idrettsleiar like lenge og lenger enn det. Speidar er han framleis, ein høgt respektert dekorert og verdsett leiar for frivillig organisasjonsliv i meir enn 80 år.

Arendal Venstra takkar for alt Magnus Berg har bygd opp i samfunnet. Vi er stolte over å ha hatt han som ein av våre. Vi lyser red over hans minne.

Arendal Venstre

Jan Kløvstad
leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**