Medlemsbrev frå fylkesleiaren

“Vel blåst!” Eit særs vellukka landsmøte vart gjennomført i Bergen i helga. Særs vellukka både kva gjeld ramme og politisk innhald ☺

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Eg takkar og ærar dei som æres bør! Kari Ø.Toft som leiar av arrangementskomiteen har henta ut det som har vore av gode ressursar og godvilje frå alle samarbeidspartnarane. Komiteen fortener som sagt ros. Dei som var med; Gunn- Vivian Eide, Torstein Hatlevik, Grete Kvilvang, Kari Frønsdal, Jostein Pedersen, May Britt Vihovde og Torhild Holgersen.

Som sagt var det ikkje berre dei flotte rammene kring landsmøtet som var bra. Det var eit landsmøte som resulterte i viktig politikk og gode dokument og fråsegner som alle bør og må ta med seg inn i valkampen! Og valkamen er no! Landsmøte utpeika to viktige saker til valkampen; skule og miljø. I tillegg må me markera oss på dei andre profilområda våre. Mykje god regional og lokalpolitikk!

Skulepolitisk manifest: Eit viktig dokument som seier heilt tydleg kva som er Venstre sin skulepolitikk. Det å satsa på læraren som den viktigaste ressursen, er sentral. 2. Kandidaten på fylkesvallista vår, Anne Beth Njærheim, gav meg ein god idé som eg har fått lov å dela raust vidare. Ta med deg manifestet og del det ut til rektorar og rådmann i din kommune. La dei få lesa kor god vår skulepolitikk er! Då får de samstundes reisa rundt å besøka skular og visa kven de er. Takk for god idé, Anne Beth. Dokumentet er tigjengeleg på Venstre sine heimesider.

Prinsipprogram: Me kan gratulera oss sjølve med eit konkret og godt prinsipprogram. Dette er eit viktig dokument når ein skal utforma eigne lokale program. Her er prinsippa som ein "grunnmur", så får de setja det lokalpolitiske huset oppå!

Aktuelle fråsegner: Det vart vedteke 10 fråsegner + ei som landsstyret vedtok. Landsstyret vedtok ei fråsegn om kulturminnevern. Ei heilt sentral fråsegn å vedta med tanke på kor landsmøtet vart gjennomført! Den peikar på heilt konkrete tiltak både statlig og lokalt. Styrk eldreomsorgen er ei anna fråsegn som eg meiner er aktuell å bruka ut i media og til programarbeid. Den er seier heilt konkret kva tiltak Venstre vil satse på. Venstre krever nytt krafttak i psykiatrien. Ei fråsegn som seier kor viktig Venstre sin politikk er for å gje mest til dei som verkeleg treng det mest! Einskildmennesket må bli sett! Hev ubåten! Her treng eg vel ikkje sei meir. Bruk fråsegna! Heile stortings- gruppa vår jobbar for å få dette til. Framtida kan bli en ren fornøyelse, ei fråsegn om klimapolitikk — særs aktuell! Økt handel og flere investeringar i Afrika, ei viktig og framtidretta fråsegn. Lokalt kan ein t.d. oppmoda kommunen til å ha "rettferdig handel". Fra hvileskjær til krafttak for fri forskning. Venstre krev betre satsing på forsking. Slipp kulturen fri! Ei spennande og moderne utsegn som tek opp aktuelle problemstillingar tilknytt åndsverklovgivningen. Stopp vold mot kvinner, denne typen vald rammar både kvinner og born. Dei opplever angst og redsel. Fråsegna seier frå kva Venstre vil jobba for i forhold til denne typen vald. Til sist vil eg nemna fråsegna som tek opp distriktspolitikk. Den tek opp fleire ulike utfordringar. Her skal det vera aktuelle punkt for dei fleste. Samferdsle/infrastruktur, kraftliner rovdyrforvalting og landbruk er tildelt avsnitt i fråsegna. Bruk dei! Ta ut avsnitta og lag lesarinnlegg og pressemeldingar lokalt! Dette er politikk vedteken på Landsmøtet som berre ventar på å "risle over" det norske folk! Her har me alle fått nyttige innspel til å starte valkampen eller var den starta ?Ei fråsegn eg har hatt som ei av mine hjartesaker vart ikkje vedteken som fråsegn. Men eg fortvilar ikkje av den grunn. Den vart oversendt stortingsgruppa v/ Borghild Tenden. Du tippar heilt rett om du tenkjer at det må ha noko med born og unge å gjera. TRYGG SKULEVEG! Fråsegna som vart sendt over heitte; Gi veien tilbake til folket — bygg flere gang —og sykkelveier!

Framtida kan bli en ren fornøyelse var meir enn ei fråsegn. Det heiter Venstre sin klimakampanje som starta 15.april. Materiell til denne landsomfattande kampanjen finn du på nettsidene til Venstre. Lokallaga skal få meir info frå fylkespartiet! Spør etter det i ditt lokallag!

Oooh, det er så mykje god politikk at ein kan verta heilt våryr!

Eg gler meg til å ta turen rundt i fylket, gjerne samen med 1.kandidaten på fylkesvallista vår, Harald Hove og Anne Beth Njærheim som er 2. kandidat. På vegne av oss, kan eg sei at me vert glad for invitasjon!

April- helsing frå

Sølvi Merete Mangerøy
Fylkesleiar

56374211 / 90874052

PS: Om det er nokre av fråsegnene du ikkje finn, ta kontakt så skal du få hjelp til det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**