Årsmelding 2006

Gol Venstre har også i 2006 hatt eit aktivt år med i alt 9 styremøte/medlemsmøte/årsmøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


ÅRSMELDING 2006 — GOL VENSTRE

Tillitsfolk i meldingsåret: (frå 13. mars 2006)
Styreleiar: Helge Feet
Nestleiar: John Henning Johannesen
Skrivar : Gunhild Sørum
Styremedlem: Mildrid Nesheim, Vlasta Sundmoen
Kasserer: Anna Lilleslett
Vara: 1. vara: Halvor Lilleslett, 2. vara: Sigurdis Ingimundardottir
3. vara Per Drabløs
Revisor: Ola V. Stake
Valnemd: Gudrun Bøthun, Per Drabløs, Anna Lilleslett
Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre: Hallvor Lilleslett, Helge Feet, Gudrun Bøthun.

MØTEVERKSEMD
Gol Venstre har også i 2006 hatt eit aktivt år med i alt 9 styremøte/medlemsmøte/årsmøte.
Hallvor Lilleslett trakk seg som leiar i Gol Venstre då han vart vald til leiar i Buskerud Venstre. Dette førte til at vi hadde eit ekstraordinært årsmøte 13. mars 2006. Det ordinære årsmøtet fann stad 16. januar på Holms Hotell, Geilo saman med venstrelaga i Hol og Ål.
Etter separate årsmøte, var det felles middag, deretter felles møte med politiske drøftingar.
To resolusjonar vart utarbeidd om energisparing og Vøgne.

Hallingtinget møtast to gonger i året. Mildrid Nesheim er som leiar i UKL Gol Venstre sin representant her. Hallvor Lilleslett møter på fylkesstyremøta som leiar i Buskerud Venstre. Han møter og i landsstyret og var delegat på landsmøtet 2006.

POLITISK ARBEID
Gol Venstre har hatt to representantar i kommunestyret:
1. Mildrid Nesheim, leiar av Utval for Kultur og Levekår (UKL)
2. Hallvor Lilleslett, Gol Venstre sin representant i formannskapet, gruppeleiar

1. vara til kommunestyret: Helge Feet, 2. vara: Gudrun Bøthun, 3. vara Vlasta Sundmoen.

Hausten 2007 er det val til nytt kommunestyre. Programkomiteen, beståande av: Hallvor, Mildrid og Helge kom godt i gang i 2006, likeså nominasjonskomiteen beståande av Gudrun, John Henning og Gunhild

Av større politiske saker Gol Venstre har vore oppteken av i året 2006 kan nemnast:
Vore aktivt med i arbeidet med kommunedelplan Gol Tettstad som vart ferdig behandla i 2006. I vurderingane her har Gol Venstre lagt vekt på miljøet.
Vurdering av politisk organisering i Gol Kommune. Helge Feet har vore Gol Venstre sin representant i komiteen.
Helge Feet var Gol Venstre sin representant i komite for høyringsuttale om lokaldemokrati.
Gol Venstre er ikkje med i Utval for Natur og Næring (UNN) og har m.a. vore skeptisk til visse dispensasjonssøknader.
John Henning Johannessen og Gunhild Sørum sende brev til Odd Einar Dørum og Trine Skei Grande i samband med striden kring lærarane og KS og fekk positivt svar attende der det vart lova å ta med innspelet vidare.

Gol Venstre sine representantar har også dette året hatt mange innlegg i kommunestyret og elles vist stor politisk aktivitet.

Som leiar i UKL delte Mildrid Nesheim ut årets kulturpris til Olaf Skredderberget i siste kommunestyremøte i desember.

ØKONOMI
Økonomien i Gol Venstre er no i god balanse og syner eit overskot på vel 11 000,- ved utgangen av 2006.
Gol Venstre hadde 13 betalande medlemmer i 2006. Antall regestrerte medlemmer totalt var 16 personar.

Gol 08. 01. 07

Helge Feet Gunhild Sørum
– leiar – – skrivar –

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**