Program Gol Venstre – kommunevalet 2019

MÅLA TIL GOL VENSTRE:

Eit inkluderande samfunn, med opne armar og hjerterom!

Der det er plass til alle og alle kjenner seg verdifulle.

Eit nyskapande Gol –samfunn: Ein kommune i utvikling!

Solid økonomi, folketalsvekst, bustader i sentrum.

Fridom, kunnskap og framtid for dei unge!

Barn og ungdom skal ha gode og trygge oppvekstvilkår, gode

skule og fritidstilbud.

Eit klimavennleg samfunn: Tenk alltid på miljøet!

Vi vil skape eit Golsamfunn som er framtidsretta og berekraftig. Energiøkonomisering og miljøtenking må være grunnleggjande i all politikk .

Velferd når du treng det!

Det skal vera godt og trygt å leva og bli gamal i Gol.

Eit kreativt og verdiskapande næringsliv .

Eit livskraftig næringsliv må heile tida få høve til utvikling og nyskaping. Gol som reisemål må vidareutviklast og profilerast.

Gol kommune – ein grøn kommune i utvikling

Venstre vil arbeide for klimavenlege løysingar i Gol kommune når det gjeld bygningar og transport. Kommunen skal vere eit føredøme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi. Vi vil prioritere sentrumsnær busetting og utvikling av sentrumsområdet og Hallingmo. Venstre vil at Gol sentrum skal være eit trafikksikkert og triveleg område for folk som bur her og som besøker oss.

Venstre vil ta vare på kulturlandskapet både i dalen og på fjellet og sikre urørte skog- og fjellområde. Venstre går inn for å begrense hyttebygging i kommande planperiode til felt og tomter, som i dag ligg inne i gjeldande plan. Det er viktig å verne ubebygde utmarksområder. Eidsvalløyne skal vera friområde som i dag.

Venstre vil:

  • Utvikle Gol Sentrum,med bustader,arbeidsplassar og detaljhandel.
  • Skape eit fint sentrum for gåande, med gode oppmerka gangfelt.
  • Bygge Smedvegen. Det bør utarbeides ein strategisk parkeringsplan.
  • Bidra til å videreutvikle dei nye næringsområda ved avkøyringa på Storøyne.
  • Merka sykkelstigar i heile kommunen.
  • Fullføre gangveg langs RV7 til Svenkerud og langs RV52 mot Øygardane.
  • Vidareutvikle Hallingmoprosjektet og knyte kunnskapsbasert næringsutvikling til Hallingmo.
  • Kommunen sine bilar skal ha elektrisk drift.
  • Legge til rette for turløyper til sommar –og vinterbruk frå sentrum og til fjells
  • Lage plan for vern av gamle hus og kulturminne.
  • Ta vare på det gamle tunet på Kristenbrøten – vern gjennom bruk.
  • Ta i bruk alternative energikjelder som solceller, bioenergi, varmebrønnar og fjernvarmeanlegg ved nybygg og rehabilitering.
  • Utvikle Gol stasjon som kollektivknutepunkt.
  • Arbeide for realisering av Vegpakke Hallingdal (= vegen Ørgenvika –Gol).
  • Arbeide for å realisere ny veg Rv 52 Gol-Robru.

Kunnskap, leik, idrett og kultur

Barn og unge sine oppvekstvilkår er viktige for at folk skal finne seg til rette og slå seg ned i Gol. Barnehagen skal drivast med utdanna barnehagelærarar. Skulen må ha gode rammer og vilkår. Det er viktig å støtte og stimulere kultur og idrett i alle dei former dette tar i regi av

frivillige lag og organisasjonar, frå folkedans til motorsport.

Venstre vil:

  • Alle barn i grunnskulealder skal kunne få eitt gratis gruppetilbod i kulturskulen.
  • Barn og ungdom under 18 år skal ha gratis bading i svømmehallen.
  • Gol Skule skal være ‘dysleksivennleg skule’.
  • Styrke praktisk-estetiske fag i grunnskulen.
  • Uteområdet på Gol skule må gjerast meir attraktivt for aktivitet og leik.
  • Styrke språk- og kulturopplæringa i barnehagen.
  • Sikre romslege friområde og utvide leikeområde for småbarn i parken.
  • Auke kvaliteten i skulen. Det må leggast til rette så lærarane kan ta etter- og vidareutdanning
  • Sikre gode rammevilkår for Gol vidaregåande skule.
  • Støtte Ung invest-AiB.
  • Arbeide for å realisere tilbod om høgskuleutdanning i dalen i samarbeid med aktuelle høgskular.
  • Oppruste Samfunnshuset til ein attraktiv møteplass.
  • Styrke og utvikle biblioteket.
  • Styrke frivillige lag og organisasjonar gjennom tilrettelegging og stimulering.
  • Legge til rette for at Gamle Gol skule kan brukes til nye aktivitetar.

Helse, omsorg, menneskeverd

Folk skal heile livet ha høve til å trivast og kunne utfalde seg. Det må vera eit variert arbeidsliv og høve til fritidsaktivitetar i Gol .

Livskvalitet er å kunne ta eigne val og leva og bu i heimen sin så lenge ein kan. Ei godt fungerande heimeteneste er heilt naudsynt.

Det må utarbeidast ein heilhetleg plan for framtidig bruk av Gol Helsetun: Etablering av korttidsplassar og Avlastnings/rehabiliteringsavdeling og organisering for best mogleg omsorg. Det må satsast på kvardagsrehabilitering og ny teknologi. Vidareføre omsorgsløftet.

Kommunen skal ta imot flyktningar og legge til rette for god integrering. Frivillige lag og organisasjonar er viktige for at folk som flytter til Gol skal bli kjent og trivast i vårt lokalsamfunn.

Venstre vil:

  • Barnetrygda skal ikkje være med i grunnlaget for utrekning av sosialhjelp.
  • Avsette årlig kr.100.000 til integreringstiltak i regi av frivillige lag og organisasjonar.
  • Ta i bruk moderne velferdsteknologi.
  • Styrke demensomsorga gjennom kommunale og interkommunale tiltak.
  • Utvide dagsentertilbodet for fleire brukarar både gjennom auka kommunal finansiering og auka bruk av frivillige.
  • Styrke og utvikle Frisklivsarbeidet.
  • Vidareutvikle og styrke heimetenestene.
  • Byggje omsorgsbustader/bufellesskap/butilbod for folk med særlege behov.
  • Styrke psykisk helsevern. Mellom anna ved å støtte Kafe Makalaus og andre aktivitetstilbod.
  • Styrke helsestasjonstenesta for barn og unge. Bedre skolehelsetenesta.

Eit kreativt og verdiskapande samfunn

Eit levande lokalt næringsliv er drivkrafta i lokalsamfunnet. Det gir arbeid til folk og inntekter til kommunen. Ein sterk kommuneøkonomi er grunnlag for utvikling og vekst, god tenesteproduksjon og sosial tryggleik. I møte med gründerar og nyetablerarar skal kommunen sine folk vera positive og løysingsorienterte og hjelpe til gjennom god samhandling. Eit livskraftig landbruk er ein av bærebjelkane i bygdesamfunnet og eit vilkår for eit levande kulturlandskap og viktig for turisme.

Landbruket skal sikrast gode rammevilkår gjennom sikring av dyrka mark og dyrkbar jord. Kulturlandskapet og LNF områda skal sikrast ved revidering av kommuneplanen. Gol Venstre vil gjennom fylkesparti og stortingsgruppe arbeide for at landbruket blir gitt gode økonomiske rammevilkår.

Venstre vil:

  • Arbeide aktivt for at Gol og Hallingdal skal bli sett og høyrt i Viken Fylke.
  • Arbeide for profilering og marknadsføring av Gol og Hallingdal.
  • Arbeide for å etablere nye statlege arbeidsplassar i Hallingdal
  • Sikre eksisterande bedrifter gode rammevilkår
  • At det skal vere attraktivt å etablere seg i Gol
  • Støtte Hallingdal Innovasjon
  • Ta initiativ til samarbeidsarena mellom kommunen og frivillige organisasjonar
  • Utvikle nærmare samarbeid med nabokommunane i Valdres.

Venstre sine kandidatar i Gol

  1. Helge Feet (f 1959), kum.
  2. Jan Kattenberg (f 1961), kum
  3. Ingrid Svellingen (f 1953)
  4. Marie Louise Ekutshu Mole (f 1965)
  5. Ole Martin Feet (f 1990)
  6. Selamavit Tesfayesus (f 1974)
  7. Erlend Grubben (f 1981)
  8. Alexandr Taktayev (f 1971)
  9. Nephtali Omba Bachiza (f 1993)
  10. Per Drabløs (f 1950)

Gol venstre sine representantar skal vera rause, ærlege, engasjerte, ansvarlege, framsynte og tolerante i sitt politiske arbeid….

Våre viktigste kampsaker:

  1. Skape et inkluderande lokalsamfunn der det er lett for alle å delta i aktivitetar.
  • Tilskot til integrerings- og miljøtiltak
  • Gratis gruppetilbod i kulturskulen
  • Gratis tilgang til Svømmehallen for barn og unge
  • Barnetrygda skal ikkje være med i grunnlaget for utrekning av sosialhjelp
  1. Ta vare på kulturlandskapet både i dalen og på fjellet og sikre urørte skog- og fjellområde. Ingen nye hyttefelt på fjellet.
  1. Styrke kvaliteten på omsorgstenestene
  • Vidareføre Omsorgsløftet
  • Styrke demensomsorgen
  • Styrke psykisk helsevern
  • Etablere korttidsavdeling for avlastning/rehabilitering
  1. Utvikle Gol sentrum med bustader arbeidsplassar og detaljhandel
  • Bygge Smedvegen og lage gode parkeringsløysingar
  • Vidareutvikle Hallingmo området