Kommunevallista og kandidatane til kommunevalet 2007

Hallvor Lilleslett toppar lista til Gol Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Kandidatane

Hallvor Lilleslett

Hallvor Lilleslett
Foto: Christoffer Biong

1. kandidaten: Hallvor Lilleslett, 47 år, rektor ved Gol vaksenopplæring. Hallvor Lilleslett er Venstre sin ordførarkandidat. Han sit i formannskapet inneverande periode. Lilleslett har også fungert som varaordførar/ordførar i eit kortare tidsrom. Han er leiar i Buskerud Venstre og medlem i Venstres Landsstyre. -Skule er viktig og omsorg er viktig. Politikarane må gje administrasjonen visjonar slik at det kan settast klare mål for aktiviteten, seier Lilleslett. Kulturen er limet i Gol-samfunnet. Hallvor Lilleslett er oppteken av interkommunalt samarbeid. —Her er det framleis ein jobb å gjera. Samarbeidet kan bli betre og meir forpliktande, meiner han.

Yxney, vår

Foto: Tor Homleid

2. kandidaten: Vlasta Sundmoen, 40 år, fødd og oppvaksen i Russland. Vara til kommunestyret. Ho har tidlegare arbeidd som lærar. Lærarutdanninga frå Russland er komplettert med norsk tilleggsutdanning. Vlasta Sundmoen er no konsulent for funksjonshemma. — Miljø er viktig, vi må ta lokale miljøutfordringar, seier Vlasta. Vi må også styrke arbeidet med inkludering og integrering av innvandrarar, meiner ho.

3. kandidaten. John Henning Johannessen, 52 år, lærar. – Barn og unge må ha gode oppvekstvilkår og grunnskulen må ha nok ressursar, slik at alle elevar får gode vilkår for læring og utvikling, meiner John Henning Johannessen. -Vi må ta miljøutfordringane på alvor, også lokalt, seier han.

4. kandidaten: Helge Feet, 52 år, lækjar. Vara til kommunestyret. Han interesserer seg for mykje rart, byggesaker så vel som helse. -Eg er oppteken av at folk skal ha det bra, og at Gol kommune skal utvikle seg. Politikken både nasjonalt og lokal skal vera forståeleg for folk, meiner Helge Feet.

Valliste for Venstre ved kommunestyrevalet 2007

1. Hallvor Lilleslett (kum)
2. Vlasta Sundmoen (kum)
3. John Henning Johannessen
4. Helge Feet
5. Ingebjørg By Teigen
6. Dag Stemsverk
7. Inger Marie Hammerstad Morland
8. Åke Rosen
9. Ingrid Svellingen
10.Jan Kattenberg
11.Anna Lilleslett
12.Jon Håvard Hammerstad Morland
13.Sigurdis Ingamunadottir
14.Per Drabløs

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**