Toppkandidatane på samling

Hjelmeland Venstre sine to fyrste kandidatar var med på Rogaland Venstre si kandidatsamling i Stavanger helga 27. og 28. april. Saman med omlag femti kandidatar frå heile fylket hadde dei komme til Stavanger for ei innhaldsrik helg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Sigmund Hagen

Foto: Tore Nilsen

Gjennom to aktive dagar blei kandidatane skolert både politisk og organisatorisk. Rogaland Venstre sin stortingsrepresentant, Gunnar Kvassheim, innleia om aktuell miljøpolitikk med hovudvekt på lokalt engasjement. Klimapolitikken var eit aktuelt tema.

Odd Einar Dørum hadde komme fra Oslo for å orientera om Venstre sin skulepolitikk. Han viste til at Venstre på landsmøtet vedtok eit nytt skolepolitisk manifest. Hovudtrekka i manifestet er eit sterkt ønske om å ta politisk ansvar for skulen. Difor må det satsast på å styrke lærerane sin kompetanse, då dei er nøkkelen til ein betre skule.

Samlinga inneheldt og gruppearbeid og regional nettverksbygging. Hjemeland sine kandidater arbeida samen med representantar for andre lokallag i Ryfylke for å finne fram til felles utfordringar og løysingar på aktuelle problemstillingar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**