Svein Tveitdal er større realist enn Jens Stoltenberg

Jan Kløvstad vil lytte meir til Tveitdal enn til Stoltenberg.

Venstre ville redusere klimagassutsleppa med 50% i 1989. Altså i 1989. Det er 18 år sidan. Det var før 17 år Lavslippsutvalget og den viktige Sternrapporten i England. Det var 18 år før FNs klimapanel la fram rapportane sine.

Det var mogleg å sjå faresignala alt i 1989, og mange solide forskarar såg desse signala. Det var dessverre ikkje mange veljarar som såg problema like klart, trass i at Venstres 50%-krav var ei naturleg følgje av solid og systematisk miljøpolitikk gjennom to tiår. 50%-kravet var følgt opp av ei optimistisk tru på teknologi og at eit miljøvennleg samfunn også vil vere bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk lønsamt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

Det var ikkje mykje støtte verken til 50%-kravet eller optimismen omkring miljøteknologi i dei andre partia, og særleg ikkje i Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet. Vi merka dette også med full styrke i mars 2000. Da felte Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet den første Bondevikregjeringa, fordi Venstre, Kristeleg Folkeparti og den gongen også Senterpartiet forlante full rensing av gasskraftverk frå første dag.

Noen politikarar har kome i mindretal, og desse politikarane bør ikkje få skulda for det fleirtalet har vedtatt. Når ein fotballkamp ender 3-0 er det eit lag som vinn, og eit som tapar. Slik er det også i politikken. Det er for lettvint å gi "politikerne" i bestemt form fleirtal skulda.

Til nå har miljøpolitikarane kome i mindretal. Men nå må vi sjå framover, og vi må handle. Venstre meiner framtida framleis kan bli ei rein glede, om vi handlar nå. Vi må handle mest heime. Ei energistormakt som Norge, eit av verdas rikaste land, må handle på heimebane. Det er ganske enkelt umoralsk å kjøpe seg fri. Det er umoralsk at det er fattige land som skal rydde opp, mens vi skal halde fram som før. Første del av statsminister Jens Stoltengers resonnement på Arbeidarpartiets landsmøte var bra. Det var kjente tonar, for oss som er blitt kalt/skjelt ut som "miljøpolitikarar" i meir enn 20 år. Men så kom den feige andre delen av resonnementet, der Stoltenberg framheva det rasjonelle i å betale for utsleppsreduksjonar i andre land framfor å redusere utslepp i Norge. "- Velger de rike landene dette vil ikke klimaproblemet kunne løses. Nødvendige globale utslippsreduksjoner kan bare oppnås dersom rike land tar de største kuttene og fokuserer på dette som hovedstrategi.", skriv Svein Tveitdal i UNEP-GRID i ein kronikk i Agderposten 3. mai 2007.

Svein Tveitdal er ein internasjonal kapasitet i klima- og miljøspørsmål. Det er viktig å lytte til det han seier i kronikken. Han går vidare inn for at vi i Norge kuttar 80% innanlands og at vi må vere villige til å gå lenger om vi får andre til å følge med. Det er dette som er globalt leiarskap. I samarbeid med norsk industri og forskingsmiljøa har Norge råd til å ta på seg ei historisk leiarrolle. Det vil også vere lønsamt på sikt, skriv Tveitdal. Arendal Venstre har fått lov av Tveitdal å legge ut kronikken på nettet, på www.venstre.no/austagder/arendal. Denne kronikken er viktig, og viser langt meir framtidsretta strategiar enn å satse mest på å kjøpe oss fri utanlands.

Nå må vi gå frå prosentrekning til praktisk og aktiv handling, internasjonalt, nasjonalt og her lokalt. Vi treng eit massivt løft innan fornybar energi. Regjeringas kvileskjær innanfor forskinga i statsbudsjettetje gikk ut over forsking på denne typen klimateknologi. Vi treng rundt 300 millionar kroner til forsking innanfor klimateknologi og fornybare energikjelder. Vidare treng vi ein nasjonal strategi for utvikling av vindkraftproduksjon langt til havs basert på havmøller. Denne teknologien vil i framtida ha eit enormt potensial. Thorium er ein blindveg, vi bør konsentrere oss om å få på plass meir fornybar energi, meir biodrivstoff og å rense gasskraftverka på Mongstad og Kårstø. Og i tillegg må vi stimulere alle tiltak for energisparing.

Arendal bystyres vedtak om klima- og energiplan, og om bærekraftig utvikling som rettesnor er gode grunnlag, med mykje solid Venstrepolitikk i seg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**