Han har fått eit heilt folk til å le

Han har fått eit heilt folk til å le. Han har fått ein heil landsdel til å tru på seg sjølv. Han har vore "flirosof" ved Universitetet i Tromsø. Han er kåra til "Norges morsomste mann", til "Norges mest populære person", til "Norges humørspreder nr. 1", han skreiv det mest sette teaterstykket i landet i 1996 med "Den fordømte nordlending", han har selt flest bøker i landet to år med "Æ lyg ikkje" og "Nye Oluf". Han har fått Solidaritetsprisen, Folkehelseprisen, Spelemannsprisen, kulturprisar i fleng. Han er æresmedlem over halve Nord-Norge, han er Venstremenneske og har vore kommunestyremedlem for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad

I dag fyller Arthur Arntzen 70 år. Få, eller ingen, har som han klart å løfte eit heilt folk med humor. Han har opplevd mykje i livet, med fire års folkeskole, med oppvekst i elendige brakker i og etter andre verdskrigen, i fattigdom og sult. Han har vore den smålåtne guten på bakerste benk i ungdomshuset i Tromsdalen, aktiv fotballspelar, journalist, ein av landets største scenekunstnarar og humoristar i fleire tiår. Han har skrive ein heil serie med Oluf-bøker, trykt i så mange opplag at han sjølv har gått surr for lenge sidan. Gode reknemestarar har kome fram til at det er selt godt over 700 000 Arthur Arntzenbøker. Han har skrive vare barndomserindringar saman med Arvid Hanssen, han hars rkive biografi om fotballspelaren Harald “Dutte” Berg, kunstbok om Kåre Espolin Johnson, redigert diktutval av Tor Jonsson. Han har “stått han av” i ein serie med nyskapande humorbøker på 1980-talet, spelt teater i Festspillene i Nord-Norge, på små ungdomshus og i store konsertsalar så mange av tilhøyrarane måtte støttast på vegen heim — hardt ramma av latterkrampe. Det har blitt heilaftens teaterstykke og korte sketsjar. “Farskapssaka” frå Glimrevyen i Bodø for mange år sidan står som ein klassikar i mange generasjonar, der Arthur Arntzen, Tore Skoglund og “han Lars” datt saman i hysterisk latter på scenen. Med Håkon Karlsen, den nære vennen hans som nettopp la årene inn etter eit langt og rikt liv, skapte Arthur Arntzen perler i nordnorsk og norsk humor. Saman med Dagfinn Bakke har han skapt det visuelle bilde av den fortellande nordlendingen.

Det er aldri ondskap i Arthur Arntzen sin humor. Han står fjernt frå den pinlege rølpete og ondskapsfulle såkalte humoren vi noen gongar opplever i umodne standup-miljø. Arthur Arntzen dyrkar humoren som redningsplanke, som problemløysar og som sjølvironi, For Arthur Arntzen er humoren noe å varme seg på, å reise seg opp ved hjelp av, til å vise omsorg og omtanke med. “Og de skarpaste får også øye på dårskapen vi alle er omgitt av, og som vi stundom sjøl bidrar til. Om vi aldri får øye på dumskapen i oss sjøl, er det fordi vi ikkje har dyrka frem humoren i oss godt nok — sjølironien — den aller edlaste form for humor”, skreiv han i “Det latterlige alvor”. Denne boka var også grunnlaget for det fantastiske kåseriet han hadde i Arendal kulturhus i Griegfestivalen i 2006, eit halvannan times kåseri ingen av dei fleire hundre som var så heldige å vere der vil gløyme. Det kom altså ein mann langt nordfrå til Arendal, og fylte Store Torungen på blanke formiddagen. Med eit foredrag om humor i kvardagen. Sjeldan har så mykje vett og forstand blitt overført så smertefritt til så mange. Den kortaste avstand mellom to menneske er eit smil.

Den intelligente hoffnarren Oluf er lagt på hylla. Men Arthur Arntzen skapar ny humor og ny djup livsglede i solidaritet med dei svakaste av oss, innanlands som utanlands.

Gratulerer med 70-årsdagen også frå oss her sør, Arthur Arntzen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**