Jørgen Løvland frå Evje var Norges første utanriksminister

Jørgen Løvlands utanrikspolitiske doktrine
I dag er det årsdagen for Norges frigjering frå Sverige. Ved 100-årsjubileet i 2005 var det mange arrangement, med Venstrefolk sterk involvert. Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre heldt avdukingstalen for Jørgen Løvlandbyste framfor Utanriksdepartementet 7. juni 2005. Venstre har lagt ned blomar på Jørgen Løvland-bauten på Evje 7. juni dei siste åra.

På bildet Venstremedlemer frå Aust-Agder ved bautaen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Jan Kløvstad

"Det er en begivenhed i vort fædrelands liv, at det efter mange hundrede aar træder i direkte forbindelse med de øvrige selvstændige civiliserede stater." "Opgaven maa være at holde os udenfor deltagelse i de kombinationer og alliancer, som kan drage os ind i krigseventyr sammen med nogle af de europæiske krigerstater. .. Netop dette at hævde og bevare neutraliteten, at holde sig neutral ikke alene under krig, men ogsaa i fredens dage, holde sig neutral lige overfor de politiske kombinationer mellem magterne — det er en meget væsentlig udenrigspolitik. . Det maa betyde dette, at vi skal føre en meget kraftig udenrigspolitik den kræver aarvaagenhed, den kræver daglig paapasselighed, og den kræver indflydelse. "

Det var Jørgen Løvland som trakk opp dei utanrikspolitiske linjene han ville føre i Stortinget 28. oktober 1905, og han gjekk vidare: "Det er ingen politikk, som i nutiden spiller den rolle i det internationale liv som netop den, som vi maa lægge hovedvegten paa: det at sikre saavidt mulig vore internationale materielle forbindelser. Traktatordnede handels-, told- og kommunikationsforhold er . blevet det herskende i staternes forhold, og det er en uhyre interesse for dette land, som har saa mange næringsgrene. Derfor maa det lægge an paa paa visse punkter at leve stærkt paa eksport, og paa andre punkter maa det have stor import."

Kort sagt: Norges første utanriksminister Jørgen Løvland ville ha alliansefridom i fred, nøytralitet i krig og ein aktiv og energisk handels- og næringspolitikk. Her var det ikkje lenger "ingen udenrigspolitik at have". Det var Bjørnstjerne Bjørnson som hadde formulert "ingen udenrigspolitik at have", eit uttrykk som blei hengande også ved Jørgen Løvland. Men i den store utanrikspolitiske talen 28. oktober 1905 sa Løvland det motsette. Løvlands doktrine var å halde Norge utanfor alle "kombinationer og alliancer" som kunne dra Norge inn i krigseventyr, og elles føre "en meget kraftig udenrigspolitikk." Same dag hadde Utanriksdepartementet telegrafert til fleire land og invitert til direkte diplomatisk samband med Norge. Da den tre dagar lange debatten nærma seg slutten kunne Løvland igjen gå på talarstolen og fortelle at fleire land hadde svart ja. Det var det store nye i 1905: Norge kunne snakke direkte med resten av verda. Jørgen Løvland var Norges første med "egen stemme i verden", som er motto for hundreårsfeiringa i år.

Skotsk inspirasjon 100 år etter
7. juni i år var det debatt i det skotske parlamentet i Edinburgh, der Skottland har fått sitt eige parlament tilbake etter fleire hundre år. Men utanrikspolitikken har ikkje skottane sjølve styring på. På hundreårsdagen får det berømte vedtaket i det norske Stortinget diskuterte dei fremste folkevalte i Skottland korleis Skottland kunne ha utvikla seg om Skottland klart å fri seg frå England, med Norge som forbilde. 100 år etter 1905 var Løvlands forhandlingar i Stockholm våren 1905, vedtaket i Stortinget i juni, folkeavstemminga i august, Karlstadforhandlingane og den nye sjølvstendige norske utanrikspolitikken formulert av Jørgen Løvland utgangspunktet for ein omfattande debatt.

Løvland i hundreårsfeiringa
Jørgen Løvland blei født på garden Lauvland i Evje 3. februar 1848. Han var av vanleg bondeslekt, verken fattig eller rik. Men noe må det ha vore med folket på garden der: Fire av dei fem brørne blei lærarar etter å ha gått på Holt seminar i Tvedestrand. Jørgen Løvland tok ein glimrande eksamen, etter ein vinter på Holt Seminar. Han blei omreisande amtsskolelærar. Undervegs mot det store året 1905 varJørgen Løvland lærar, redaktør, stortingsrepresentant for Venstre i Kristiansand frå 1885, odelstingspresident, stortingspresident, norsk statsråd i Stockholm i to omgangar, arbeidsminister, medlem i Nobelkomiteen frå 1897 og leiar av Nobelkomiteen frå 1901 heilt til han døydde i 1922. Heile denne imponerande karriera blir skildra i Per Eivind Hems store og velskrivne biografi "Jørgen Løvland. Vår første utanriksminister".

På Sørlandet har Jørgen Løvland vore feira i år, med god grunn. Evje og Hornnes kommune tok initiativet, etter forslag frå Olav Arne Kleveland. Både i Kristiansand og på Evje har det vore store festar. Anders Dybing og Øyvind Bjorvatn har skrive interessante bøker. Aust-Agder kulturhistoriske senter og Kristiansand kommune har laga utstillingar, og i Tvedestrand var det stort Løvland-seminar i august. På sjølvaste 7. juni avduka tidlegare utanriksminister Jan Petersen og representantar for Jørgen Løvlands familie den flotte bysta Anders Svor har laga. Bysta står utanfor Utanriksdepartementet i Oslo, der berre Løvlands nære venn kong Haakon VII står frå før. Prins Carl frå Danmark tok namnet Haakon VII, etter forslag frå nettopp Jørgen Løvland.

Alt dette er viktig, og det løftar fram ein av Norges fremste statsmenn til den plassen han fortener i historia vår.

Kjelder:
Per Eivind Hem: Jørgen Løvland. Vår første utanriksminister. Det Norske Samlaget, 2005
Jacob V. Heiberg (red.): Unionens opløsning i 1905. Kristiania 1906.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**