Odd Håvard Dahle

Håvard Dahle er kommunestyremedlem, formannskapsmedlem, medlem av representantskapet i knutepunkt Sørlandet og medlem av forliksrådet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Odd Håvard

Foto: Odd Håvard

Odd Håvard er 46 år gamal, bur på Skaiå saman med Gunvor og har 3 born. Han arbeidar som formann på Fabricom AS.
Odd Håvard er inne i sin andre periode i kommunestyret og formannskapet. Han har òg erfaring frå styret i Setpro AS i 3 år, El og IT forbundet i 6 år og i Aust Agder Venstres fylkesstyre i 6 år.

Odd Håvard har eit allsidig engasjement i politiske tema, men spesielt har han markert seg som ein viktig ombodsmann for mobbeoffer i kommunen.
Og nettopp engasjementet for menneske i ein vanskeleg situasjon kan seies å vere den raude tråden i Odd Håvards politiske engasjement.

Det å sikre rettferdig behandling for aktørar som kontaktar kommunen er eit aspekt Odd Håvard har markert seg i, at ikkje korleis kommunen behandlar deg skal avhengje av din personlige makt, dine kontaktar eller av partiboka. Det vere seg reguleringsplanar, næringstøtte eller skolebytte.

På regionalt plan er den saken Odd Håvard har satt fokus på og kjempa for samanslåing av Agder fylka, dette var han også når det framleis var en kontroversiell sak i Venstre. Dette har samanheng med at han er busett så nære grensa ,hans viktigaste argument for dette er å oppnå fritt skuleval.

Kontakt gjerne Odd Håvard på:

Telefon: 379 62 251(heime) og 911 07 213(mobil)
Mail: Odd-hda(at)online.no

Du finn han ògså på Facebook.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**