Fleirtal for midlertidig nedlegging av Randøy skule

Venstre tapte kampen mot midlertidig nedlegging av Randøy skule. Fleirtallet ønskja ikkje å støtta forslaget om å setje ei minstegrense for talet på elevar til 13 for ei eventuell nedlegging.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Skolestart, barn

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Liv Jorunn Bjerga tok opp att rådmannen sitt forslag og meinte at dette gav foreldra på Randøy eit tiltrengt pusterom. Sigmund Hagen meinte at det her var spørsmål om kommunlpolitikarane var til å stola på, sidan ein tidlegare har vedteke at ein ikkje skal ha endringar i skulestrukturen i inneverande periode.

Heller ikkje underskriftslister hjalp mot dei kommunepolitikarane som alt hadde bestemt seg for ei midlertidig nedlegging av skulen på Randøy.

Venstre lova at siste ordet ikkje skulle vera sagt i denne saka, og at skulen på Randøy ville vera ei viktig sak for partiet og i den kommande valkampen til hausten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**