Voss – tettstad eller kjøpesenter?

I Voss føregår ein debatt om eit kjøpesenter nokre hundre meter utanfor noverande Vangen handlesenter skal få å løyve til ei stor utviding. I lokalavisa “Hordaland” for 17.juli har Voss Venstre eit innlegg der dei prøver å sjå utvidinga i eit større perspektiv for Voss som regionsenter – og dermed går mot utvidinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


EIT LEVANDE REGIONSENTRUM?

Redaktøren i “Hordaland” konkluderer leiaren sin den 30. juni slik:
“Å utvida kjøpesenteret er gamaldags og avleggs. Mykje djervare, meir framsynt og i tråd med Voss sitt “image” ville det vera om alle gjekk saman om å satsa på å dyrka fram eit unikt sentrum. Tek politikarane utfordringa?”

Ja — Voss Venstre ser utfordringa, og vil vera aktiv med i den vidare beslutningsprosessen!

Vi har merka oss at Michael Hageberg ved Norges handelshøgskule igjen har understreka at dersom vi ønskjer levande handlegater på Vangen, er det ikkje plass til store/ utvida butikkmiljø elles. Og fylkesmannen seier at Amfisenteret etter ei eventuell utviding vil framstå endå meir som eit reint bilbasert kjøpesenter, som strir mot nasjonal areal- og miljøvernpolitikk — og finn det vanskeleg å handsama plansaka før tilstrekkeleg informasjon om effektane for eksisterande handelsstruktur på Vossevangen er klargjorde. Nye butikkar i Geitlebygget på Bryn og på Palmafossen vil ytterlegare forsterka bilbruk og utarming av Vossevangen.

Dersom Vossevangen skal vera, og utviklast vidare som eit miljøvennleg, vakkert og godt regionsenter må vi sjå plasseringa av dei ymse handels- og servicetilboda i samanheng! Eit godt sentrum må m.a. ha gode møteplassar for folk i alle aldrar, dvs. også for barn, eit godt sentrum gir rom for mangfaldige aktivitetar, i eit godt sentrum vil folk gjerne bu – noko som dermed også skaper liv utanom butikktid.

Eit slikt unikt sentrum kan vi få ved vidareutvikling av Vossevangen!

Utvidinga av Amfisenteret – og sett i samanheng med nye butikktilbod på Bryn/Palmafossen – er kanskje den viktigaste og vanskelegaste saka kommunestyret får til behandling i haust. Dette krev m.a. god tid til analyse og diskusjon. Det er derfor ganske utruleg at planen for utvida Amfisenter er lagt ut med minimums høyringsfrist, og med frist som går ut midt i fellesferien; 23. juli!!! Denne fristen må utvidast monaleg!
Torstein Gunnarson
1.kandidat Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**