Den beste staden i verda

Det undrar meg. Folka renn mest flyplassane ner no for tida. Dei renn flyplassane ner for å koma seg sydover. Sydover til sola, varmen, paraplydrinkane. Til ørkenlanda. Dei ytrar i flokk om kor flott og nydeleg Grand Canari, Maldivene, Madeira og resten av desse øyene utanfor Ørkenlanda er. Dei vèl til og med og busettja seg der, i hopetal når dei vert gamle. Dei tykjer tydelegvis at dei har funne “Den beste staden i verda.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Eg sit no her heime eg. Ute blæs og regnar det. På tvers. I Bjerkreim. For ikkje mange år sida var kommunen kåra til den beste kommunen i Norge å bu i. Den aller beste. Så langt eg har forstått har FN slått fast at Norge no er det beste landet i verda å bu i. Altså burde staden eg sit i, væra blant dei aller beste?
Eg trur ikkje folk veit det. I allefall ikkje dei som ikkje bur her. Kor fin ein stad dette eigentleg er. Det undrar meg eigentleg ikkje, for korleis skulle dei eigentleg væra i stand til å erfara det? Eg trur eg med handa på hjarta, heller ikkje hadde teke turen til Bjerkreim om eg til vanleg var busèt utanfor kommunen. E g hadde rett og slett ikkje kome på det!
Kvifor ikkje spør du? Tja… svaret er ganske enkelt at eg ikkje visste om det! Og nett det, førar meg inn på det eg tenkjer på. Kvifor sit fleirtalet av dei folkevalde representantane og klør seg i hovudet mens dei undrar seg over korleis me skal få fleire til å avleggja denne staden ei vitjing? Mogleg eg tek godt i når eg skriv fleirtalet. Faktisk trur eg dei er i mindretal. Nokre trur eg ikkje ei gong har kome så langt at dei har tenkt tanken.
Vil du høyre ei sanning? Bjerkreim må væra den beste staden i verda! Me er den beste kommunen i det beste landet. Så enkelt, men framleis så vanskjeleg å forstå. Det undrar meg.
Me har ei av dei flottaste lakseelvane i Norge, der bestanden av blank, sprek villaks er betre enn på nærare femti år. Me har store, uberørte fjellområde, der ein nærast med sikkerheit kan seia at folk ikkje har set føtene sine på ualmindelige tider. Om ein bare vèl og ikkje følgja stiane. Me har den største, og mest trollske ura i heile nordeuropa. Me har Stavtjørn som kunne vore ein glimrande vintersports-stad, der det seinast i mars var strålande skiføre. Sist men ikkje minst, har me mange lokale, reine og spanande mattradisjonar. Me har med andre ord så mange ressursar at dei som burde sjå dette, ikkje ser den kjente skogen for bare trea.
Tenk kor mykje næring, arbeidsplassar og inntekter ein kunne få med å leggja til rette for grûndarar, og forvalta alt dette på ein god, ambisiøs og nytenkjande måte!
Eg veit dei sit med lommeboka, og ønskjene klare. Turistane. Dei ønskjer seg hit, mange av dei. Om me bare hadde vèt til å by oss fram. Me, frå “Den Beste Staden På Jorda”.
Leif Morten Songe

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**