Valprogram for Voss Venstre

Valprogrammet til Voss Venstre er – etter drøfting i mange møte – klart. Programmet prøver å få fram både viktige einskildsaker og Venstre sin ideologi. Overordna prinsipp og konkrete saker blir søkt sett i samanheng. Dei 10 sentrale prinsippa i Venstre sitt nye prinsipprogram er derfor også med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


VALPROGRAM VOSS VENSTRE 2007 – 2011

VENSTRE
er Noregs eldste parti, og med same grunnleggjande ideologi som for snart 125 år sidan. Sentralt står trua på einskildmennesket og sosial-liberale idear, dvs. personleg fridom og sosialt ansvar. Denne ideologien tilseier også at Venstre alltid prøver å sjå målsetjingar og løysingar i høve til utfordringane i framtida.

Venstre er eit parti i sentrum i høve til høgre- og venstreblokka i norsk politikk, og står fritt i høve til dei ulike interessorganisasjonane.. Voss Venstre vil slik kunna samarbeida til begge sider for å få til framtidsretta løysingar i aktuelle saker.

VOSS

– EIN MODERNE MILJØKOMMUNE !
Klimaendringar og truslane mot livsviktige økosystem må takast på alvor både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi må ikkje øydeleggja livsvilkåra for framtidige generasjonar !
Utfordringane er å stoppa klimaendringane, ta vare på miljøet sin reinleik og mangfaldet i naturen, og leggja om til eit miljøvennleg samfunn. Voss må sin del!

Venstre vil:
ajourføra og forsterka noverande kommunale klima- og energiplan – med ein forpliktande handlingsplan , og her m.a.:
ha klare mål for utsleppskutt av Co2 i kommunen, med m.a. reduserte utslepp ved kommunal reiseverksemd
arbeida for meir miljøvennleg transport i Vangenområdet, og få fyllestasjon for bioetanol o.l.
ha auka bruk og og produksjon av fornybar energi/bioenergi
oppretta "kontrakt" mellom kommune og innbyggjarane om tiltak for å redusera Co2-utsleppa, slik at kommunen forpliktar seg til visse tiltak mot at dei einskilde innbyggjarane gjer sine
. sikra mangfaldet i naturen, m.a. kulturlandskap og vassdrag
elles sikra og vedlikehalda naturområde, "grøne"lunger for innbyggjarar i bustadområde o.l.

– KREATIVT OG NYSKAPANDE !
Fleire arbeidsplassar er nødvendig for at Voss skal oppretthalda og auka folketalet og vera eit velferdssamfunn også i framtida. Nyskaping i næringslivet er avgjerande — og det føreset m.a. eit samfunn med opne ordskifte, og positive og framtidsretta haldningar 1. Stadig fleire får høgre utdanning, dvs. at ei hovudvekt må leggjast på å få fleire kunnskapsbaserte arbeidsplassar. Personar med idear og kreativitet må støttast, og mennesket sine skapande evner må ha rom i skuleverk, kultur og næringsliv. Samarbeid mellom offentlege, private og organisasjonar er verdifullt og nødvendig.

Venstre vil:
leggja til rette for elevbedrifter og gründaropplæring i skulen
at kommunen skal vera ein aktiv pådrivar, m.a. ved arbeida for kontinuerleg open debatt, varierte verkemiddel og gode ramevilkår
ha eit aktivt næringsfond og tiltaksapparat
aktivt støtta arbeid med kunnskapsbedrifter og kvinnelege gründarar
vidareutvikla kulturbasert næringsutvikling, og støtta handlingsboren kunnskap
stimulera til meir bruk av skogen
ajourføra og tilpassa vedtektene i næringsfondet til desse føremåla
oppretthalda og forsterka Voss som landbruksbygd og turistmål

— EIN KOMMUNE MED SOSIALT ANSVAR !
Eit velferdssamfunn blir målt etter korleis det tar vare på dei som treng det mest. Det er no ikkje lenger viktigast å gje meir til alle, men å hjelpa einskildmenneske som treng det. Og eit samfunn med mange eldre stiller stadig store krav. Samstundes må det personlege ansvaret for eiga og andre sin livssituasjon haldast oppe og forsterkast.

Venstre vil arbeida for:
auka sosialhjelpnivå
stor vekt på førebyggjande arbeid
. betre fritids- og idrettstilbod for personar med nedsett funskjonsevne
samordning arbeid/skule og sosialhjelp
samordning barnevern – barnehage – skule
styrka rusomsorg og psykiatritilbod
ha ei meir tilpassa tilretteleggging for dei einskilde eldre, med m.a.
fleire tenester i heimen, for eksempel vaktmeistertenester, og tilbod om frivillig heimebesøksordning for eldre enn 75 år for vurdering av helse- og omsorgsbehov
fleire sentrumsnære omsorgsbustader og alternative buformer
breitt kultur- og fritidstilbod for eldre
auka kompetanse og status for personale i pleie- og omsorgssektor.
ein kommunal plan for speleautomatar

– EIN FØRSTEKLASSES SKULE- OG OPPVEKSTKOMMUNE!
Kunnskap, kompetanse, verdiar, haldningar og ferdigheter er dei heilt sentrale elementa for demokrati, kultur og verdiskaping i Noreg. Barnehagen legg ein viktig del av grunnlaget for trygge, nysgjerrige og kreative barn. Opplæringa i skulen skal vera tilpassa den einskilde elevnen sine evner og behov, og med kunnskap og kompetanse i sentrum. Skulen i Voss skal vera ein førsteklasses skule! Då krevst det opprusting på mange område!

Venstre vil arbeida for:
godt inneklima i alle barnehagar og skular
gode lærartimeressursar
auka kompetanse hjå lærarane, m.a. ved å greia ut "kompetanseår".(permisjon med løn for vidareutdanning)
tidhøvelege barnehagar og skulebygg
opprusting av inventar og læremiddel
skulemåltid, helst med "kortreist mat"
aktiv foreldre- og lokalpolitisk oppfølgjing av skulen
skulestruktur sett i samanheng med busetnadsmønster og ønskjeleg framtidsutvikling
for bygda
eit breitt tilbod i vidaregåande skular

– KULTURKOMMUNEN !
Kulturen er eit vesentleg grunnlag for at menneska kan oppleva eit meiningsfylt tilvere. Kulturen i Voss er tradisjonsrik, mangfaldig og sterk, og der ulike lag og privatpersonar spelar ein avgjerande rolle. Men det krevst innsats for å halda denne kulturen oppe, og vidareutvikla denne, særleg i høve til forventningar hos unge. Venstre vil arbeida for ein meir aktiv rolle frå kommunen si side..

Venstre vil arbeida for:
kulturkonsulent i heil stilling
aktiv satsing i det nye kulturhuset
vidare utbygging av kulturskulen
auka støtte til lag og organisasjonar, med min. 2% pr. år.
eit kulturråd, med repr. frå aktuelle organisasjonar og instansar
kulturplan med visjon og klare mål
vern og vidareutvikling av kulturlandskap og byggjeskikkar, men også tidstypisk arkitektur
arbeida for eit fleirbruksanlegg for hest, motorsport, hund m.v.
nytt symjebasseng
nytt friidrettsdekke på idrettsplassen

– DEMOKRATISKE VOSS !
Venstre blei grunnlagt for å få gjennomført folkestyre i Norge. Folkestyre krev m.a. god og open informasjon og reell høve til medverknad og avgjerder. Makt skal byggjast nedanfrå! Dvs. at styringa ikkje skal liggja i mektige organisasjonar eller kommersielle interesser.

Venstre vil arbeida for:
godt innsyn i kommunal forvalting
opne beslutningsprosessar
same medlemstal i kommunestyret
nært samarbeid med organisasjonar og interesserte

– EIN AKTIV KOMMUNE !
Dei føregåande saksområda dekkjer ikkje alle dei saksfelta der Voss Venstre ønskjer ein aktiv kommunal innsats. I tillegg kjem særleg:
tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne
fysisk aktivitet mogeleg i nærmiljø
studietilbod på høgskule-og universitetsnivå
samarbeid og samordning på tvers av sektorar og saksområde, og mellom kommune — fylkeskommunale og statlege styresmakter
nært samarbeid nabokommunar
miljøvennleg transport og gode kollektive tilbod.
vedlikehald kommunale vegar,,trafikksikring, gang- og sykkelvegar
opprusting Vossa- og Bergensbanen
aktiv tilrettelegging av bustadbygging, også utanfor Vangen, og som i størst mogeleg grad utnyttar eksisterande tekniske og sosiale strukturar
vektleggja miljøtilpassing og lågt energiforbruk ved hytteutbygging. Større utbyggingar i felt.
utbygging av Vossevangen som miljøvennleg, vakker og god møtestad og regionsenter for indre Vestlandet.

VENSTRE; DET SOSIAL-LIBERALE PARTIET !
Voss Venstre legg stor vekt på å sjå konkrete kommunale politiske saker i høve til meir prinsippielle målsetjingar og visjonar.

Kjernen i Venstre sitt sosialliberale grunnsyn er ein utolmodig liberalisme, der vi er framtidsglade, engasjerte, ærlege, rause og ansvarlege! Samfunnet skal vera prega av sosial varme og likeverd .

Dei sentrale prinsippa i Venstre sin sosiale og radikale liberalisme er:
1. Fridomen skal gjelda overalt, for alle.
2. Det personlege ansvaret er ufråvikeleg.
3. Alle har ansvar for kvarandre, for miljøet og for komande generasjonar.
4. Verkeleg fridom føreset fellesskap og rettferd.
5. Alle er likeverdige, men ingen er like.
6. Politikk skal fremja livskvalitet og menneskeleg vekst.
7. Politisk makt skal koma nedanfrå.
8. Makt skal spreiast og balanserast.
9. Den liberale staten er upartisk, sterk og avgrensa.
10. Liberalismen er optimistisk og alltid på veg.

Vil du vita meir? Sjå heimesida til Voss Venstre; www.venstre.no/Hordaland/Voss eller ta kontakt med leiaren; Kristian Østrem (905 28 522), eller førstekandidaten på lista; Torstein Gunnarson (911 71 590)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**