Barn og ungdom – ein salderingspost i Sandnes

28% av folket i Sandnes er 18 eller yngre. Er Sandnes ein god by å vekse opp i? Det er avhengig av så mangt, men til dei fleste gode tiltak trengs det pengar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av: Torleiv Robberstad (V).

Torleiv Robberstad

Foto: Tore Nilsen

Kva gjer så kommunen vår for barn og ungdom? Dette kan me lese ut av rekneskapstala. Dei ligg på www.ssb.no/kostra, både for 2006 og tidlegare år, både for Sandnes og for dei ni andre store kommunane som Sandnes plar samanlikne seg med. Men for å samanlikne med eldre tal må me rekne om til faste 2006-kroner etter kommunal konsumprisindeks, og dessutan ta omsyn til folkeauken. Avisene skriv ofte om problema for barnevern, rusvern og barnehagar, så her vil eg sjå på andre forhold som gjeld dei fleste barn og ungdomar.

Skule: Sandnes har ikkje lågare utgifter enn andre til sjølve undervisninga. Men driftsutgiftene til skulelokala er blitt 30% lågare sidan 2002, og er no mindre enn halvparten så store som i dei andre kommunane. Utgiftene til inventar, utstyr og undervisningsmateriell er kutta, slik at dei no jamnt over ligg på bare to tredjedelar av dei andre kommunane sine. Og fleire elevar må dele datamaskin i Sandnes enn i dei fleste andre av desse kommunane. Kva betyr alt dette for vedlikehald, ventilasjon og inneklima, trivsel og læring for dine barn eller barnebarn? Skulen er elevane sin arbeidsplass, men ville du ha godtatt slikt på din arbeidsplass? Bør lærarar og elevar takast meir på alvor?

Kommunar flest ser kor viktig det er å leggje til rette for gode aktivitetar, men utgiftene til aktivitetstilbod for barn og ungdom 6-18 år er lågare i Sandnes enn i dei fleste andre samanlikningskommunane. Dessutan er driftsutgiftene til idrett kutta med 17% dei siste fire åra, så no er dei mykje lågare enn i nesten alle dei andre kommunane, – Stavanger ligg 60% høgare enn Sandnes.

Så kunne ein vel ha venta at Sandnes i staden ga meir tilskot til lag og foreiningar, men slik er det slett ikkje. Tvertimot blei denne tilskotsposten redusert med 23% på dei to åra frå 2004 til 2006, rekna pr innbyggjar. Og i 2006 var den jamnt over bare halvparten-tredjeparten så stor i Sandnes som i dei andre kommunane. Basarar og idealistar er gode å ha, men i lengda er det ikkje nok. Bare spør dei.

Bibliotek: driftsutgiftene er blitt 22% lågare dei siste fire åra, og utlåna har gått noko ned. Bade bibliotekbemanninga og tilveksten av nytt utlånsmateriale er mykje lågare i Sandnes enn i dei andre kommunane, og 30% lågare enn i Stavanger. Vil ikkje du gå oftare på bibliotek dersom du finn meir nytt der? Utlånet av barnelitteratur hos oss er 10% lågare enn i Stavanger og bare 2/3 av Sola, Randaberg og Klepp.

No har Frp, Høyre og Pensjonistpartiet styrt Sandnes sidan 2003. Her ser me at dei har saldert budsjetta med å kutte ned på vedlikehald og utstyr i grunnskulen, barne- og ungdomsarbeid, bibliotek, frivillige organisasjonar og idrett. Eg syns slikt er uklok og kortsynt politikk. Både Randaberg, Klepp og Sola har større prosentdel barn og ungdom enn oss, og då er det for dårleg at Sandnes ikkje vil ta barne- og ungdomssektoren like mykje på alvor som dei andre.

Eg syns Sandnes må satse meir på tiltak for neste generasjon i Sandnes. 10. september kan du vise kva du meiner om det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**