Kulturpolitikken i Voss

Låge løyvingar frå kommunen og innspel frå Venstre har vore sentrale tema i lokalavisa Hordaland første par vekene i august. Etter leiar i avisa 4.aug. og innlegg frå Ap 7.aug., har Venstre hatt 2 nye innlegg under “Ordet fritt”, begge skrivne av 3. og 1.kandidaten på lista; Anne Jorunn Ryum Møen og Torstein Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Kulturbygda Voss?? (Hordaland 7.aug.)
Tirsdag 31. juli hadde “Hordaland” reportasje om “Voss er kulturjumbo” og “Kulturbygda Voss på botn” når det gjeld overføringar frå kommunen til kulturlivet i kommunen. Torsdag 2. august hadde så vi på vegne av Voss Venstre eit innlegg om auka satsing frå kommunen si side her.

Vi har fått eit par spørsmål om innlegget frå Venstre var å sjå på som oppfølging eller tilsvar på reportasjen tirsdag. Nei, vårt innlegg var sendt “Hordaland” før tirsdagsnummeret!

Og skam å seia, vi var ikkje klare over at Voss kommune nytta så få kroner til kulturlivet i Voss, samanlikna med andre kommunar i Hordaland. Ei slags trøyst får det vera at varaordførar Kjellaug Brekkhus seier i avisa 2. aug. at “Dette er nestan utruleg”.

Men reportasjane understrekar dermed behovet for ein langt sterkare innsats frå kommunen si side til å halda oppe, vidareutvikla og stimulera til nye kulturaktivitetar!

Venstre vil m.a. føreslå eit kulturråd for kommunen, ein samla kulturplan med ein visjon og klare målsetjingar for Voss som kulturbygd, kulturkonsulent i heil stilling og ei aktiv kultursatsing i det nye kulturhuset!

Kulturprioritering i Voss! (Hordaland 11. aug.)
“Hordaland” har hatt eit par viktige oppslag om situasjonen for kulturpolitikken i Voss kommune — og takk for det! Voss Venstre har hatt eit par lesarinnlegg om at det trengst ein markert styrka innsats frå kommunen si side, og med konkrete saker.

Karl Knapskog og Hans Erik Ringkjøp frå Ap kom så “på banen” torsdag 9. aug.. I eit lengre innlegg peikar dei på veikskapar med å tolka budsjettal einsidig og opplyser elles om den nye kulturlova som er komen. Det var nyttig og nødvendig informasjon.

Men Ap nemner ingen konkrete felt eller saker som dei vil prioritera framover! Dette er for svakt!

Og kva meiner dei andre partia i Voss?

(Og — takk til Ingrid Langen Fjose for engasjert og viktig innlegg 9.aug.!)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**