Ei mangfaldig eldreomsorg

Det er viktig å hugsa at eldre er like mangfaldige som andre aldersgrupper. Derfor må det takast meir individuelle omsyn i eldreomsorga, og dei eldre må sjåast på som ein aktiv ressurs i samfunnet. Dette peikar 1. kandidat og 8.kandidat på Vossalista, Torstein Gunnarson og Annlaug Helland, på i eit innlegg i lokalavisa Hordaland 14.aug..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Ei mangfaldig eldreomsorg!
Eldrepolitikken i Voss bør også i denne valkampen, og i komande valperioden, vera ei sentral sak. Men vi må sjå ulike sider i samanheng!

Dei eldre blir ofte omtala som ei einsarta gruppe personar med like behov for tenester frå det offentlege. Men dei eldre er like mangfaldige som andre aldersgrupper. Levealderen aukar og mange er friske i ein lengre del av pensjonstida. Venstre vil arbeida for at dei eldre skal vera ein aktiv ressurs og delta i samfunnet. Difor må samfunnet leggja til rette for dette på eit breitt felt.

Venstre vil gå inn for at kommunen skal tilby tenester som kan verka førebyggjande, helsefremjande og gjera eldre i stand til å bu i eige husvære lengst mogleg. Det er gjennom eit aktivt kulturarbeid og eit førebyggjande helsearbeid det offentlege kan vera med og redusera køane til institusjonane.

Dei som ynskjer å bu i eigen bustad lengst mogleg må få tilbod om råd for praktisk tilrettelegging av husvære, tilbod om ulike former for vaktmeistertenester og tilbod om friviljug heimebesøksordning frå fylte 75 år, for ei vurdering av helse og omsorgsbehov.

For dei eldre som ynskjer å flytta til eit tilrettelagt husvære må kommunen vera ein aktiv pådrivar for å leggja til rette for eit variert bustadtilbod. Kjensla av tryggleik er ein viktig faktor for mange eldre. Dei vil ha sine eigne lettstelte husvære der dei kan stella seg sjølve lengst mogleg, vera nær andre som dei kan møta dagleg og ha tilgang på heimebaserte tenester frå kommunen tilpassa ulike fasar i livet.

Kommunestyret har etter framlegg frå Venstre vedteke å utgreia utbygging av fleire omsorgsbustader på Vetleflaten. Venstre vil arbeida for at dette blir bustader for personar som treng stor grad av heimebaserte tenester.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**