Anne-Lise Roald

Bli kjend med andrekandidaten på lista til Giske Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Anne-Lise Roald er fødd og oppvaksen på Vigra. Ho er gift, og har ein son på seks år. Ho er utdanna Siviløkonom frå Handelshøgskulen i Bodø, og held no på med ein Mastergrad i bedriftsøkonomi. Ho arbeider som bedriftsrågivar i eige selskap, og før det arbeidde ho med næringsutvikling som rådgiver i Innovasjon Norge. Mange kjenner ho kanskje også frå tidlegare, og blomsterbutikken på Ytterland, som ho starta opp i 2003.

Saker eg vil arbeide for:

Eg vil ta vare på lokalmiljøa som er på alle dei fire øyane. Vi ser at ein får færre og færre naturlege møteplassar for lokalbefolkninga, og dette trur eg ikkje er positivt verken på kort eller lang sikt. Eg meiner at frivillig arbeid, både innan kultur og idrett, er avgjerande for trivsel i eit lokalsamfunn, både for unge og eldre. Det er viktig for meg at det er god kontakt mellom ulike menneske i samfunnet, og spesielt yngre og eldre. Ein har mykje å lære av kvarandre, og gjennom kjennskap og vennskap aukar ein gjerne respekten til kvarandre og ulike meiningar.

Eg ønskjer at kommunen skal opprette ordningar for frivillige lag og organisasjonar i Giske kommune, der ein kan få midlar som kan lette det frivillige arbeidet. Kulturfond er mellom anna eitt av tiltaka Giske Venstre ønskjer å fremje i kommunestyret i perioden framover.

Giske kommune sender kvar dag mengder av høgt kvalifisert arbeidskraft ut til andre kommunar for å skape verdiar der. Eg ønskjer å arbeide for at vi kan leggje enda betre til rette for at ein kan få stimuli og god rettleiing ved oppstart av eiga næringsverksemd i Giske kommune. Samstundes må ein ta vare på dei eksisterande verksemdene, og skunde på den offentlege handteringa av saker som vedkjem dei som driv næring i kommunen.

Giske kommune har mellom anna relativt få arbeidsplassar for ungdom som ønskjer å kome attende med høgare utdanning, spesielt frå yrke som ikkje er knytt til marin eller maritim industri. Når ein i dag har mange moglegheiter til å arbeide både via Internett og anna, og kunden ikkje treng å sitje i nabobygget, er det ope for mange spanande verksemder også i Giske i framtida. Dette bør kommunen ta konsekvensen av, og mellom anna leggje til rette for fleire og større areal der nyetablerarar og utøvarar av frie yrke kan samlast og saman skape ulike miljø.

I år startar òg sonen min på skulen, og det er sjølvsagt viktig for meg at han og alle andre skuleborn har ein skule der dei trivast og har eit godt læremiljø. Vi politikarar må kjempe slaga for alle skal få eit godt opplæringstilbod, og at dei som treng tilrettelegging skal få midlane dei har krav på, og at rammene til dette skal vere forutsigbare for skuleleiinga og for foreldra.

Eg er oppteken av at vi lever i èi verd, som vi har eit kollektivt ansvar for. I vesle Giske kommune må vi òg gjere det vi kan for å bidra til eit betre miljø. Då eg budde i Bodø under utdanning vart eg vand med å kjeldesortere avfall, og då eg flytta heim kjende eg at det var rart å leggje matavfall i lag med plast og papir. No har vi fått eigen dunk for papiravfall, og eg håper vi kan få inn både kjeldesortering for plast og mat om ikkje så lenge. Samstundes er det viktig for tilliten til systemet, at vi er sikre på kor avfallet hamner, og at det verkeleg blir handtert slik vi trur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**