Ole Furnes

Bli kjend med Ole Furnes, kandidat nummer tre på lista til Giske Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Ole Furnes er fødd og oppvaksen på Godøya. Han er gift og har 3 barn. Til vanleg arbeider han som maskinentreprenør, og i tillegg er han ein ivrig baritonspelar med lang historikk mellom anna frå Godøy Brass. Ole har god erfaring med seg frå kommunepolitikken som ny kandidat på Venstre si liste. Han har to periodar i kommunestyret, frå 1991 til 1995 og 1995 til 1999.

Ole Furnes

Foto: Ove Paulsen

Saker eg vil arbeide for:

Eg vil engasjere meg i politikken ein ny runde, då eg har muligheita til å vere med å påverke utviklinga i lokalsamfunnet. Eg ynskjer mellom anna å arbeide for eit godt oppvekstmiljø, og at vi framleis skal ha to ungdomsskular i Giske kommune.

Trafikktryggleik er ei viktig sak for meg. Eg vil arbeide for fleire gang- og sykkelstiar i tillegg til å ha eit løysningsfokus på alle dei nye sakene eg av erfaring veit ein blir utfordra med i løpet av ein fireårs-periode.

Eg er òg sjølvstendig næringsdrivande, og Giske Venstre har eit særskilt fokus på å bidra til eit aktivt næringsliv. Korleis vi kan ta vare på eksisterande og nye verksemder i kommunen framover, er difor viktig arbeid slik eg ser det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**