Storutviding av butikksenteret på Voss?

Ei “heit” politisk sak på Voss for tida, er om butikksenteret rett utanfor nov. Vangen sentrum, skal få klarsignal for ei stor utviding. I tillegg er det også planlagt nye,store, butikkar litt lengre frå sentrum. Diskusjon føregår både om saksbehandlinga i kommunen hittil, og om ein konsekvensanalyse må utarbeidast. Dei politiske partia blei i “Hordaland” 14. aug. utfordra om sitt syn på ein konsekvensanalyse. Hittil er det berre Venstre, ved 1. kandidat Torstein Gunnarson, som har svara. i lokalvisa 16. aug..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Tettstadutviklinga på Vangen.

Olav Ohnstad utfordrar i eit innlegg 14.08. i “Hordaland” Vossapolitikarane om ” Kva vil de med tettstadutviklinga på Vangen, og skal vi få vita noko om konsekvensane for Vangen av ei utbygging av Amfi FØR de behandlar byggjesaka? Ei konsekvensutredning må til!”

Ja, Venstre er så hjartans einig i at det må ei grundig konsekvensutgreiing, både i høve til butikkar m.v. i gatene på Vangen, og generelt for utviklinga av Voss som tettstad/regionsenter for indre Vestlandet!

I vårt innlegg om saka i “Hordaland” 17. juli peikar vi på at eit miljøvennleg, vakkert og godt tettstadsentrum, i tillegg til handels- og servicetilbod , m.a. må ha gode møteplassar for folk i alle aldrar, dvs. også for barn, rom for mangfaldige aktivitetar og gode buområde — slik at det også blir liv utanom butikktid. Noverande Vangen sentrum gir høve til vidareutvikling av dette!

Derimot vil ei kraftig utviding av Amfi-sentret, og i tillegg nye butikkar i Geitlebygget på
på Bryn og på Palmafossen, truleg skapa tomme butikkfasadar på Vangen, eit daudt sentrum, forsterka bilbruk m.v..

Vi viser og til kritiske merknader frå fylkesmannen, og frå Michael Hageberg ved Norges Handelshøgskule i Bergen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**