Ein ungdomskule i Austrheim

I Austrheim har vi per i dag 2 ungdomsskular og 2 barneskular (Årås barne- og ungdomsskule, Kaland barne- og ungdomsskule). Ved skulane arbeider det dyktige lærarar som kvar dag bidrar til barna våre sin vekst og utvikling. Austrheim Venstre meiner likevel at vi kan få ein enda betre skule gjennom ei omlegging frå to til ein ungdomsskule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Liv Ulvøy Kjeilen

Foto: Privat

I dag ligg skulane 10 km frå kvarandre, noe som ein må kunne seiast er tett. Vi trur ein ungdomskule vil gi gevinst på fleire felt:
Vi får ei organisering som ungdommane sjølv ønskjer (ei fersk undersøking viser dette).
Auka fagleg kvalitet. Lettare å utnytta eksisterande lærarkrefter/ressursar.
Ein skule vil bygge ned grenser mellom ungdom i kommunen.
Det kan bli lettare å få til andre felles aktivitetar for ungdommar i Austrheim.
På sikt er dette ei økonomisk god løysing for kommunen.

Austrheim Venstre veit at det er ulike syn på dette spørsmålet i kommunen. Vi meiner at det som er avgjerande, er kva som gir det beste skuletilbodet og den beste trivselen for ungdommane våre.
Vi treng ein solid og god skule for ungdommane våre. Ein trygg møteplass der all ungdom i Austrheim blir sveisa saman. La oss gi dei det.

For å gjere det heilt klart: Austrheim Venstre vil framleis ha to barneskular. Det er viktig at dei minste ungane har skulen i nærmiljøet sitt.

Liv Ulvøy Kjeilen
1. kandidat
Austrheim Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**