KRAFTLINE ØRSKOG-FARDAL – kva meiner Eid Venstre ?

Venstre er eit miljøparti. I første høyringsrunde om lina gjekk vi derfor saman med SV om å fremje eit framlegg mot kraftlina. Vi meinte det ikkje var god nok dokumentasjon for behovet for lina, og det var ikkje jobba med å finne alternative energiformer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Strøm bygd på vasskraft er rein og fornybar energi. Grunnen til at vi er negative til lina er derfor ikkje krafta i seg sjølv, men den visuelle forureininga som lina representerer. Den gang ein starta opp med å vinne ut strøm frå vasskraft hadde ein ikkje mange val når krafta skulle førast over lange strekningar, denne måtte førast i luftline. I dag har vi teknologi til å gjere det på alternative og moderne måtar, men det kostar meir.. Venstre meiner prinsippet om at den som forureinar skal betale for å rydde opp/førebygge "forsøpling". Det prinsippet må og gjelde for Statsnett når dei vil føre kraft frå Fardal til Ørskog. Eid Venstre er derfor heilt klare på at dersom lina skal byggast, må den gå som sjøkabel frå indre Sogn til Ørskog, med kompenseringspunkt på kysten som også kan fungere som tilknytingspunkt slik Tore Hjelle peika på i Fjordabladet 22.05. Dette kostar vesentleg meir enn å la den gå i luftline, men den utgifta må utbyggarane ta, dette er selskap som opererer i ein marknad med stor forteneste !
Venstre meiner tida jobbar for alternativ, miljøvenleg og økonomisk lønnsam energiutvinning som t.d. bølgjekraft, vindmølleparkar uti havet, saltkraftverk (osmose),m.m. Da vil det heilt klart vere ein fordel om det er kort veg frå energikjelda til leiingsnettet, altså ved kysten.
Sogn og Fjordane er eit fylke med store ressursar, og den største ressursen vi har for ytterlegare vekst er truleg naturen vår. Da kan vi ikkje tillate at Statsnett forsøplar denne ressursen med store leiingsnett i lufta når det finns alternative måtar å løyse dette på. Etter det vi har forstått, er det NVE som skal/kan gi konsesjon til Statsnett, og dei må halde seg til kva politiske retningsliner som er gitt i høve til kabling. Dette er ei så stor og viktig sak at den må handsamast politisk, på høgst muleg nivå, og Statsnett må bli pålagt å la lina gå i sjøkabel som eit vilkår for å få konsesjon.

Siv Langøen Rotevatn, gruppeleiar kommunestyregruppa

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**