Til innhold
Alfred Bjørlo og Helle Frogner i Hoddevik
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo og gruppeleiar Helle Frogner for Stad Venstre, Foto: Jon Frogner

Ein Stad for alle

Velkomen til oss

Stad Venstre oppmodar deg til å bli medlem i lokallaget, og vere med å engasjere deg direkte i utviklinga av ditt eige lokalmiljø, fylket og landet vårt! Vi jobber for folketalsvekst i heile Stad kommune og ei grøn framtid, med Gunnar Silden som ordførar. Venstre vil gje fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn.

Her kan du melde deg inn!

Viktige saker for Stad Venstre:

  • Omsorg når du treng det

    Venstre vil sørge for at Stad kommune klarer å gi god omsorg til deg som treng det - når du treng det. Vi skal gje rett hjelp til rett tid, og styrke folkehelse og meistring.

  • Ein god stad å vekse opp

    Stad skal vere ein kommune der det er godt å vekse opp for born og unge. Venstre vil halde fram og styrke satsinga på kvalitet i skulen, og løfte ungdommen sterkare fram.

  • Nyskaping og grøn vekst

    Kommunar som lukkast med vekst og utvikling er samhandlande, ambisiøse og gode tilretteleggjarar. Venstre vil at Stad kommune skal vere heilt i landstoppen innanfor næringsutvikling og stadutvikling.

  • Klima og miljø naturlegvis

    Stad kommune skal ha høge ambisjonar for klima og miljø, med effektive tiltak som gjer samfunnet smartare, meir miljøvenleg og tilpassa eit endra klima. Vi ønskjer å omstille Stad til eit nullutsleppsamfunn på alle samfunnsområde, med mål om å klare dette innan 2030.

  • Kultur, idrett og fritid

    Stad kommune skal vere ein stad med allsidige og spennande kulturtilbod og fritidsaktivitetar for alle. Stad Venstre vil jobbe for å styrke dei frivillige organisasjonane og få endå fleire aktive innanfor kultur- og organisasjonslivet.

  • Ein sterkare region

    Venstre vil arbeide for ein sterkare samla region i Nordfjord, der vi står saman for vekst, utvikling og nye arbeidsplassar.

Våre folk