Valprogram 2024-27

Stad Venstre Malakoff 2023
Stad Venstre Malakoff 2023, Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Venstre er eit parti som tar klima- og naturkrisa på alvor lokalt, nasjonalt og globalt. Vi vil gje fridom til den enkelte, samstundes som vi skal ta vare på fellesskapet og dei som trenger hjelp. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, samarbeid og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn.

For eit grønt, levande Stad

Venstre har hatt ordføraren dei siste 12 åra. I denne perioden har kommunen hatt ei solid utvikling, prega av godt samarbeidsklima og stor gjennomføringskraft. Kvaliteten i skulen og helsetenesta ligg på eit høgt nivå, og kulturlivet blomstrar. Næringslivet er mangfaldig og går godt, sjølv om dagens regjering har gjort kvardagen vanskelegare for mange. Med folketalsvekst, eit kommunerekneskap i pluss og mange spennande satsingar i gong, har vi eit godt utgangspunkt for å ta Stad vidare framover.

I møte med tøffare økonomiske tider overalt, er det naudsynt å nytte dei ressursane vi rår over enda betre. Ikkje minst å sjå moglegheitene for å skape større verdiar i kommunen, av det offentlege, dei private og frivilligheita. For å styrke kommuneøkonomien vil vi jobbe for auke i folketalet, eit framtidsretta næringsliv og ein veldreven kommune.

Stad skal vere ein grøn, næringsvennleg og serviceinnstilt kommune, med høg kvalitet på tenestene. Vi vil halde fram med å byggje eit sterkt kommunesenter på Nordfjordeid, med levande lokalsenter og bygder rundt i heile kommunen.

Ambisjonen til Venstre er å ha flest mogleg fornøgde innbyggarar. Då trur vi fleire vil bli verande og fleire vil flytte til, og dei får lyst til å vere med å skape dei tilboda vi ønskjer og treng. Venstre søkjer dei gode, fleksible, heilskaplege løysingane, som prioriterar omsynet til klima, natur og miljø.

Stad Venstre sine 37 kandidatar på lista til kommunevalet 2023 er klare til å gjere ein innsats for heile kommunen. I Stad skal du få omsorg når du treng det, ha ein trygg plass å vekse opp, og vi skal legge til rette for nyskaping og eit variert arbeidsliv.

Vi skal framover saman.

Røyst Venstre ved lokalvalet i Stad kommune, 11. september 2023!

Innhald

Programmet er vedteke på medlemsmøte 21. juni 2023, på Nordfjordeid:

Klima, natur og miljø

Nyskaping og grøn vekst

Skule og oppvekst

Helse og omsorg

Kultur, idrett og frivilligheit

Meir samarbeid alle vegar

Last ned

Stad Venstre hovedbrosjyre 2024-27

Stad Venstre valprogram 2024-27

Stad Venstre – Kandidatliste 2023