Politikk og nettverk

Politikk er som den økonomisk utviklinga, ikkje berre påverka av tørre tal og fakta, men i høgste grad også av mange mellommenneskjelege faktorar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det å gjere politiske vedtak kan sjåast på som siste fase i ein prosess. Denne prosessen kan vere lang, kort, vanskeleg, komplisert, enkel eller udiskutabel slik som det meste anna i livet. Når eg som politikar ønskjer å påverke prosessen i den retning eg meiner er best, må eg vite når og på kva måte eg kan påverke den. Då er det særs viktig å ha eit nettverk å samtale med, og kunne snakke med folk i det miljøet som til slutt gjer dei viktige vedtaka.

I kommunestyre, fylkesting eller Storting er det sjølvsagt mi eiga politiske gruppe som er det næraste nettverket, men det å kunne snakke med andre parti både formelt og uformelt er svært viktig undervegs i prosessen. I tilegg veit vi at mange viktige vedtak blir gjort i styrerom, utval, komitear og ikkje minst i regjering.
Skal vi som kommunepolitikarar kunne påverke, må vi støtte oss til det nettverket vi har, kjenne saksgang, prosedyre og ikkje minst ha argument som er relevante i høve til kor langt prosessen har kome til ei kvar tid. Det er t.d. for seint å kome med gode argument til ei høyring når høyringsfristen er ute og svaret sendt. Det er heller ikkje hjelp i å prøve å påverke utfallet av saka når vedtaket er gjort.

Eg meiner det er ei stort føremon for meg som ordførarkandidat at eg har bak meg to periodar i kommunestyret, ein periode i fylkestinget og hovudutval for opplæring, styremedlem i Helse-Førde og styreleiar for Fagskulen i Sogn og Fjordane. Eg kjenner mange av dei komande fylkestingsrepresentantane, og ikkje minst kjenner eg Venstre sin stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen.

Som ordførarkandidat for Venstre i Eid kommune er eg oppteken av å aktivt bruke dei nettverka og den kunnskapen eg har fått gjennom åra eg har vore engasjert i politiske arbeid.

Siv Langøen Rotevatn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**