Spørsmål til dei politiske partia i Ørsta kommune

Fagforbundet har sendt 12 spørsmål til dei politiske partia i Ørsta. Her er Venstre sine svar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


1. Kva er dykkar parti si haldning til privatisering og konkurranseutsetting av kommunale tenester ?

Svar :
Venstre er ikkje prinsipielt i mot konkurranseutsetjing og privatisering av tenester. Konkurranseutsetjing kan i mange tilfeller ver ei rett og god løysing, og Ørsta kommune nyttar seg i stor grad av dette.
Ørsta Venstre vil ikkje gå inn for konkurranseutsetjing og privatisering av helse- og omsorgstenester
og heller ikkje drift av skular og barnehagar på generelt grunnlag. Likevel meiner vi at private og frivillige og ideelle organisasjonar må ha høve til å prøve seg på slike offentlege tenester. (Jamf. Helsesenteret, Åmås friskule og bygging og drift av fleire barnehagar)
Sjølv om kommunen vel å setje ut tenester til andre, er det kommunen sine folkevalde og kommunale leiarar som har ansvaret for at tenestene er gode nok og i samsvar med måla/krava.

2. Gjennom representasjon i kommunestyret er dykkar parti også arbeidsgivar for kommunalt tilsette — korleis vil partiet tilrettelegge eit arbeidsliv som :
– Krev at framtidas arbeidstakarar skal stå lenger i arbeid med tanke på m.a. sjukefråvær og seniorpolitikk / livsfasepolitikk ?
– Ikkje tvingar folk til å jobbe ufrivillig deltid ?

Svar :
– Helse- og miljø på arbeidsplassen innverkar på kor lenge ein maktar å jobbe. Det er viktig at arbeidsgjevar tek dette alvorleg. Venstre vil arbeide for at ein saman med administrasjonen og
dei tilsette i kommunen, får til løysingar som gjer at fleire kan halde fram lenger i arbeid.
– Gi deltidstilsettette moglegheit til å auke sin stillingsprosent når det er opning for det og legge til rette slik ein ikkje får stillingar med lav stillingsprosent.

Utgreiing :
Problemstillingane som kjem fram i spørsmåla, vil dei sentrale partane i arbeidslivet ha meiningar om.

Muskel- og skjelettplager er ei stor årsak til sjukefråvær og at folk går lenge sjukmelde. Eit
betre rehabiliteringstilbod og større vekt på førebygging kan gjera at folk kjem raskare
attende i arbeid. Tilrettelegging av fleksibel arbeidstid, bruk av hjelpemiddel og at ein er open for endring av arbeidsfelt når det trengs, kan få folk til å jobbe lenger og få eit betre arbeidsliv/-miljø.

3. Som arbeidsgivar kjempar kommunane om arbeidskraft til kommunale stillingar, korleis vil dykkar parti bidra i høve til :
– Oppretting av minimum ein lærlingplass pr. 1000 innbyggjar i kommunen ?
– Kompetanseheving av tilsette ?
– Arbeidsmiljøtiltak for å halde tilsette lenger i arbeidslivet ?

Svar :
– Ørsta kommune må verte betre på oppretting av lærlingeplassar. Venstre vil ta initiativ til at det kan opprettast fleire lærlingplassar i helse-, sosial- og teknisk sektor. Venstre vil også arbeide for å fjerne arbeidsgivaravgift for lærlingar.
– Kompetanseheving er viktig for Venstre . Bl.a. var Venstre det første partiet som foreslo 1 års studiepermisjon med lønn for lærarar. Kommunen må legge til rette for at tilsette får etterutdanning og kurs for motivasjon og kunnskap. Gjerne i samarbeid med andre kommunar.
– Helsa spelar ei viktig rolle for kor lenge ein orkar å jobbe i nokre yrke. Ein kan f.eks. legge til rette for at arbeidstakarar kan gå ned i stilling, men fortsette å jobbe så lenge dei vil.

(Sjå svar på spørsmål 2)

4. Slik det er i dag slit avdelingane i kommunen med små ressursar. Korleis vil dykkar parti arbeide for å tilføre arbeidsplassane nok ressursar som harmonerer betre med oppgåvene som skal løysast/arbeidspresset ?

Svar :
Kommunen har ikkje nok ressursar slik situasjonen er i dag. Venstre har ikkje ei ferdig løysing på dette, men vil arbeide for at kommunen kan gjennomføre ei omfordeling/omorganisering slik at oppgåvene kan løysast på ein betre måte.

5. Det er frå sentralt hald sett fokus på kvalitet i kommunane, jf. Kvalitetskommuneprosjektet. Kva konkrete tiltak vil dykkar parti gjennomføre for å få ein god og verdig eldreomsorg i kommunen og korleis vil partiet prioritere dette arbeidet ?

Svar :
Vi vil arbeide for å betre rammevilkår for eldreomsorga. Fleire pleiarar og omsorgsarbeidarar i teneste med gjennomgåande høgare stillingsprosent.. Det må også leggast innsats i arbeidet med
å reduser sjukefråværet. (Sjå svar på spørsmål 4)

6. Vil dykkar parti arbeide for at dei tilsette sin kreativitet skal danne grunnlag for nytenking og utvikling — omstillingsarbeid — gjennom eit likeverdig trepartssamarbeid ?

Svar :
Det er sjølvklart! Vi vil legge til rette for at dei tilsette skal kome med innspel og bli høyrde.

7. Vil dykkar parti vere pådrivar for å få nok læremidlar, slik at kunnskapsløftet for skulen vert innfridd ?

Svar :
Ja. Skulen er eit satsingsområde for Venstre. Viser til Venstre sitt skulepolitiske manifest i 10 punkt.

8. Kva meiner dykkar parti om energiknappheita i fylket ? Kva konkrete tiltak bør iverksetjast for å løyse denne utfordringa ?

Svar :
Kraftmangelen som kan kome, har si årsak i auka forbruk hos Hydro i Sundal, Hydro/Statoil på Aukra og Hustadmarmor i Fræna.
Tiltak på kort sikt: – vone at ikkje kraftverka sel straumen til utlandet før behovet melder seg frå gassterminalen på Aukra. Mild vinter og mykje nedbør vil også hjelpe. Statnett har planlegg å ta i bruk transportable gasskraftverk og å kople ut store lokale energibrukarar dersom situasjonen vert prekær.
Tiltak på lenger sikt: Kraftoverføring over kabel frå Sogn og fjordane, – bygge gasskraftverk med CO2-rensing på ein eller to stader i MR og legge om energipolitikken/energibruken.

9. Kva meinar dykkar parti er viktig i høve til samspelet med det lokale næringsliv ?

Svar :
Gjennom Ørsta Næringskontor må kommunen vere ein positiv medspelar for næringslivet, og gi økonomisk støtte til drifta av kontoret. Kommunen må også vere effektiv og lite byråkratisk i sakshandsaminga utan at det går ut over kvaliteten i arbeidet.

10. Kva vil dykkar parti gjere for vidareutvikling av nærings- og sysselsettingsplanar i kommunen, og kva kan gjerast for å sikre busetnaden på bygdene våre ?

Svar :
Kommunen skal gi sikre og gode rammevilkår for næringslivet. Det er viktig at arealbruken til dei ulike næringane er langsiktig godt planlagd. Gjere det lettare å få fritak frå driveplikta, frådele tomter og kunne busetje seg på nedlagde bruk. Kommunen må medvirke til byggjeklare tomter på bygdene og elles.

11. Korleis vil dykkar parti arbeide for og støtte opp om, og kvalitetssikre det lokale sjukehustilbodet vi har i dag, og korleis unngå feriestengde avdelingar i framtida?

Svar :
Venstre vil arbeide for at lokalsjukehusa skal vere berebjelken i helsetenesta og at dei får tilført nok resursar til at denne tenesta kan haldast på eit høgt nivå utan at det stadig må takast omkamp på kva som skal ligge til lokalsjukehusa.

12.Vil dykkar parti vere pådrivar til å utarbeide konkrete miljøhandlingsplanar for å ivareta miljøet rundt oss i samarbeid med dei tilsette sine organisajsonar og frivillige organisasjonar

Svar :
Ja, for Venstre er dette heilt sentalt!

21.08.07

Einar Flø, Ørsta Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**