Venstre vil gje 40 millionar til Garborgsenteret

Jarle Braut, fyrstekandidat for Venstre i Rogaland vil gje 40 millionar til Garborgsenteret. Han meinar at det planlagde bygget i Hetlandskvartalet er for smålåte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jarle Braut

Foto: Frode Kleppe

— Arne Garborg fortener eit monumentalt bygg. Eit bygg på linje med Hamsunsenteret på Hamarøy. Det er ingen grunn til at me ikkje skal ha like høge ambisjonar. Kvifor skal me vera dårlegare enn Nordland? Arne Garborg var ingen ringare forfattar enn Knut Hamsun, seier Jarle Braut til Stavanger Aftenblad.

Jarle Braut kjem til å ta denne saka opp i det nye fylkesutvalet og fylkestinget etter valet. Han ønskjer og at fylkeskommunen skal komma inn som medeigar i senteret og at fylket skal vera med i prosjektgruppa.

Venstres medlem i Stortinget sin kulturkomite, Trine Skei Grande, har gitt uttrykk for støtte til Garborgsenteret. Ho fekk kulturkomiteen med på ein merknad til statsbudsjettet, der dei gav uttrykk for at dei er positive til Garborgsenteret og at dei vil koma tilbake til økonomisk støtte til senteret.

Difor er Jarle Braut trygg på at staten og vil løyva pengar til prosjektet dersom fylket og kommunane lokalt satsar skikkeleg på Garborgsenteret. Han ønskjer ikkje å ta pengane frå andre område innan kulturfeltet.

Les meir i Stavanger Aftenblad her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**