Det var Torbjørn Andersen, Liv Marit Moland og Gunnar Halvorsen som la ned Arendal politidistrikt

I Agderposten laurdag 25. august skriv journalist Olav Svaland at “Da Arendal politidistrikt ble offer for sterke Vest-Agderpolitikere som kjempet for et stor-Agder med Kristiansand i førersetet, måtte daværende politimester i Arendal, nettopp (Ole Petter) Parnemann, avslutte sitt embede 31.12.2001.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Dette er direkte feil. Dei som la ned Arendal politidistrikt og på den måten gjorde Arendal mindre sjølvstyrt og mindre trygt var dei tre stortingsrepresentantane frå Aust-Agder (!), Torbjørn Andersen frå Fremskrittspartiet og Liv Marit Moland og Gunnar Halvorsen frå Arbeidarpartiet. I Stortinget var det ein underleg kamp. Alle kjempa for å bevare sine politidistrikt da justisminister Hanne Harlem frå Arbeidarpartiet la fram forslag om å redusere frå 52 til 27 distrikt. Men Aust-Agderbenken med heiderleg unntak for Åse Gunhild Woie Duesund kjempa ein hard og aktiv kamp for å legge ned sitt eige politidistrikt!!! Dei tre frå FrP og Ap fekk også følgje av Vest-Agder Høgres Ansgar Gabrielsen, etter at Høgre i Aust-Agder ba han om å stemme for å legge ned Arendal politidistrikt. Dette var eit svik mot Arendal og Aust-Agder.

Jan Kløvstad og Odd Einar Dørum

Foto: Venstre

Odd Einar Dørum frå Venstre (her saman med Jan Kløvstad) kjempa det han kunne for å ta vare på og utvikle Arendal politidistrikt, men tapte mot ein forunderleg motstand frå dei dei tre nemnte partia.

Fleire gonger har Arbeidarpartiet lokalt kritisert nedlegginga av politidistriktet, og kvar gong har dei beskjemma måtte innrømme at det er dei sjølve og Torbjørn Andersen i FrP som er syndarane. Å legge ned sitt eige politikammer er ein snodig måte å trygge lov og orden på?

I Venstre vil vi samarbeide med politiet. Vi krev 3000 nye stillingar i politiet innan ti år. Venstre fekk gjennom auke av elevtalet ved Politihøgskolen frå 249 til 363, og tal politifolk auka jamnt. Nå vil vi vidare. Vi vil
– auke opptaket på Politihøgskolen frå 432 til ca 550 pr år. det vil gi ca 2100 fleire politifolk etter ti år.
– auke rekrutteringa av sivile stillingar og politijuristar med ca 90 i same periode.
– ca 75% av stillingane skal kome utanfor Oslo-området
– auke statusen til utetenesten ved å styrke vidareutdanning og auke lønna, og forsterke fokuset på aktiv uteteneste, etterforsking og leiing i utdanninga.
– etablere ein ny tredje politihøgskole
– utvide politireserven frå 900 til 2000.

Denne planen er laga av tidlegare justisminister Odd Einar Dørum og Arnstein Øverkil, tidlegare sjef for Politiets Sikkerhetstjeneste, leiar for den internasjonale observatørstyrka i Hebron med mykje meir. Planen er heilt i tråd med både praksis og planarbeid i Odd Einar Dørums tid som justisminister.

Lokalt i Arendal og Grimstad vil vi som er førstekandidatar straks etter valet be om møte med Politiet for å få råd om best mogleg samarbeid for å styrke ro og orden i sentrum, kamp mot narkotikamiljøa og tiltak for å få eit meir synleg politi.Dette hadde nok vore enklare med eit eige Arendal politidistrikt, men vi vil ikkje la oss stoppe av at FrP og Ap svekka det lokale politiet vårt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**