Runa Godø Sæther

Bli kjend med kandidat nummer fem på Giske Venstre si liste til kommunevalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Runa Godø Sæther er 32 år, opprinneleg frå Godøya, men busett på Valderøya. Ho er gift, og har ei datter på tre år. Runa er utdanna songpedagog, og driv som sjølvstendig næringsdrivande i firmaet Vokalisten. Runa er òg kjend som dirigenten i Giske Blandakor.

Runa Godø Sæther

Foto: Ove Paulsen

Saker eg vil arbeide for:

Eg vil arbeide for at Giske kommune skal få ein samordna plan for kulturlivet. Giske Venstre vil arbeide for at vi i framtida kan få eit eigna lokale til kulturaktivitetar både for lag og foreiningar, men òg for grupper av ungdom som ønskjer å halde på med band, revy, teater og andre kulturaktivitetar.

Utan eit godt lokale som er tilpassa og meint til slik aktivitet har vi ikkje muligheit til å få samla alle krefter for å vidareutvikle kulturmiljøet i Giske. Dersom ein skal halde konsertar og førestillingar, har ein i dag ikkje eigna lokale med omsyn til akustikk, fasilitetar for øving, garderobe, sminke, teknisk anlegg og skikkeleg scene. Giske Venstre ønskjer difor å arbeide hardt for å kunne få til ei løysing for eit kulturhus i Giske kommune.

Eg ønskjer at Giske kommune framleis skal vere ein fri og vakker plass å bu. Difor etterlyser eg ein meir samordna plan for god byggjeskikk i kommunen. Vi har no fleire dømer på at ein ikkje har hatt klare nok krav til utbyggjarar, med omsyn til korleis nybygg passar inn i totalbiletet. Det estetiske må difor få meir fokus når ein tek stilling til regulering av tomteområder.

Kjeldesortering er noko vi manglar i Giske kommune. Giske Venstre er nøgde med at vi har fått ei løysing med retur av papir, men framleis har vi eit godt stykke å gå. Eg ønskjer å arbeide for at vi får til ei returordning for plast, og med innsamling og utnytting av matavfall. I tillegg må ein sjå til at handteringa etter innsamlinga fungerer slik innbyggjarane trur, og at ein slik får tillit til kjeldesorteringa.

Kommunikasjonen internt i kommunen er eit område som absolutt burde vere betre. Eg ønskjer å arbeide for at vi kan få til eit samarbeid om eit betre tilbod med ringbuss i kommunen, slik at det å bruke buss er eit reelt tilbod og alternativ for fleire enn i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**