Venstre imot eigedomsskatt i Fjaler

Venstre seier eit klart nei til innføring av eigedomsskatt i Fjaler komande valperiode. For det første meiner vi at eigedomsskatten har ein usosial profil. For det andre ynskjer vi ikkje å pålegge næringslivet i kommunen vår ein ny og ekstra skatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Eigedomsskatten tek ikkje omsyn til inntekt, formue eller betalingsevne. Berre verdi og takst på eigedomen er avgjerande. I Fjaler er dei fleste sjølveigande. Samtidig viser statistikken at kommunen har nokså mange minstepensjonistar, og at gjennomsnittsinntekta er blant dei lågaste i fylket. Frå før veit vi at hus og heim blir skattlagt med formueskatt.

Delar av næringslivet i Fjaler — landbruket medrekna – er sårbart og driv nokså marginalt. Då er det feil politikk å endre rammevilkåra og auke kostnadene med ein ny skatt. La heller dei næringsdrivande få økonomisk armslag til modernisering og investering — noko som kan vere med å trygge arbeidsplassane for framtida.

Eigedomsskatten var i utgangspunktet meint som ein rein tettstad- og byskatt — m.a. for å få dekt store kostnader til infrastruktur som veg, vatn og kloakk. Men i dag er det vanleg praksis — også i Fjaler – å finansiere dette med eigne avgifter.

Mens storbyar som Oslo og Drammen ikkje har eigedomsskatt, er det no fleire små distriktskommunar som tyr til denne skatteformen for å fylle hol i budsjettet eller iverksette nye tiltak. Særleg etter at regjeringa Stoltenberg har opna for skattlegging av eigedomar — inkludert landbrukseigedomar – i heile kommunen.

Sjølv om det kommunale byråkratiet må styrkast for å ta unna taksering, innkrevjing og klagehandsaming, vil eigedomsskatten – isolert sett – gi mange ekstra kroner i kommunekassen. Men etter ei samla vurdering meiner Venstre at ein kommune som Fjaler vil stå seg vel så bra den komande 4-årsperioden utan slik skattlegging. I det minste bør vi kunne vente og sjå an utviklinga på Lutelandet. Og blir eigedomsskatten først innført, er vi sikre på at den aldri blir fjerna. Praksisen frå andre kommunar viser heller at skatteprosenten gradvis blir auka.

Venstre meiner at Fjaler aktivt må marknadsførast som ein "eigedomsskattefri" kommune. La dette vere ein medviten politisk gest overfor eksisterande næringsliv, etablerarar, innbyggarar og tilflyttarar.

Av Gudmund Solheim — 1. kandidat for Fjaler Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**