Bli kjent med kandidatar på Vossalista

Vallista til Voss Venstre har god spreiing, både i alder, yrke, buplass og interessefelt. Bli nærmare kjent med dei!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Torstein Gunnarson,1. kandidat:
69 år. Pensjonist (tidlegare kommunalsjef med ansvar for barnehage og skule) og lausarbeidar (guide og lærarvikar). Leiar i Voss idrettslag (og triminstruktør) og leiar i Voss senioruniversitet. Brukar m.a. gjerne tid på fjelllturar og paragliding. Breitt politisk og samfunnsinteressert. Tidlegare politisk aktiv i Akershus. Bur på Bolstadøyri, med hybel på Vangen.

Knut Olav Nestås, 2. kand.:
21 år. Student Universitetet i Bergen. Tidlegare bustadmeklarassistent og -meklar. Aktiv i elevråd og elevrådsnettverk for vidareg. skular på Voss. Leiar Voss ungdomsråd 2004. Fotballtrenar. Bur på Haugamoen.

Anne-Jorunn Ryum Møen.3.kand.:
49 år. Sjølvstendig praktiserande psykolog. Glad i friluftsliv og kultur. I tillegg er nyskaping og skule viktige område for auka politisk innsats. Kulturbygda Voss må ha ein kultursjef med tydeleg mandat ! Bur i Gullfjordungen.

Rolf Abrahamsen. 4. kand.
53 år. Sjukehusdirektør og medlem Voss kommunestyre. Opptatt av samfunns-/distriktsutvikling – ynskjer enno meir samarbeid på tvers av kommunegrensene og ei postiv utvikling i regionen inkl. nabokommunane med eit levande Vangen i sentrum. Største fritidsinteresser er båtliv-fisking og hus-hage.Bur i Skulestadmo.

Erik Røthe Klette, 5.kand.:
32. år. Lokomotivførar. Likar seg elles høgt oppe, både til fjells og i lufta! Ivrig paraglider, tidlegare m.a. premiar i seglflyging. Bur i Haugamoen.

Rigmor Onarheim, 6.kand.:
44 år.Marknadsdirektør i Hardingbanken. Bur på Bjørgum.

Annlaug Helland, 7. kand.:
46 år. Førskulelærar og bonde. No styrar i Evanger barnehage. Likar seg godt til fjells. Opphaveleg frå Bolstadøyri, bur no på Århus på Evanger.

Geir Inge Kvitne, 8.kand.:
41 år. Bonde og utbyggjar av fritidseigedomar i Bordalen. Elles m.a. opptatt av å ta vare på gamle norske husdyrrasar. Tidl. leiar i kommunalt foreldreutval. Bur i Bordalen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**