“Venstre-ordførere har mest å skryte av”

Regjeringa feilinformerar om finansiering av barnehagar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Foreldre&Barn hevdar i siste utgåve at "Venstre-ordførere har mest å skryte av" når det gjeld full barnehagedekning. Dei kommunane som har klart full barnehagedekning skal ha all ære for det. Regjeringa har gjort ingenting trass i gjentatte påstandar om det motsatte. Hadde regjeringa gjort det dei hevdar å gjere, nemleg å fullfinansiere utbygging av barnehage, så hadde vi hatt full barnehagedekning i Alvdal også. Skal ein byggje ein god barnehage i Alvdal vil ein ikkje få noko økonomisk støtte frå regjeringa. Staten, liksom under den forrige regjeringa, betaler mykje når det gjeld drift av barnehagar, men det er ikkje driftskostnadar som er problemet når det gjeld barnehagedekning. Det er pengar til bygging som er problemet. Når sentrale statsrådar som Djupedal, Halvorsen og Bekkemellem feilinformerar småbarnforeldre om finansieringa av barnehageutbygging, korleis skal ein då ha tillit til regjeringspartia når det gjeld å sikre midlar til god drift av barnehagane? Djupedal har sagt at han fylgjer kommunar som Alvdal med argusauge. Eg veit ikkje om kunnskapsministeren har kunnskap om gresk mytologi, men det gjekk heller dårleg med Argus. Det trengs meir enn ein gresk demon for å få nok barnehageplassar. I Alvdal vil Venstre fullføre det utbyggingsprosjektet kommunen har teke til på.

Thor Arve Vartdal

Alvdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**