Kåre Jarl Langeland

Kåre Jarl Langeland 6. kandidat for Sogn og Fjordane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Kåre Jarl Langeland

Foto: Kåre Jarl Langeland

Kåre Jarl Langeland er 52 år og kjem frå Bremanger. Kåre Jarl Langeland har lang erfaring frå både kommunepolitikken og fylkespolitikken. Han har og vore styremedlem av Sogn og Fjordane Venstre

Her er Kåre Jarl Langeland sitt innlegg i valavisa:

Samfunnsutvikling eg brenn for

Eg vil vidareføre Venstre sin politikk i fylket ved å vere til stades som eit bindeledd mellom einskildmenneske, samfunn og byråkrati. Vi må ta på alvor dei utfordringane fylket har med omsyn til fråflytting og manglande kompetansearbeidsplassar. Vi må lytte til dei som tek del i debatten, samle trådane og legge tilhøva til rette for bevaring, utvikling og nyetablering.
Det allsidige kulturlivet er ein viktig del av livet. Vi må vidareutvikle dette og ta imot innspel om nye retningar og trendar. Eg tykkjer form og design er for lite påakta.
Skuletilbodet i Sogn og Fjordane bør utviklast og ein må vere open for nye studieretningar, samt arbeide for eit betre tilbod innan maritime fag. Her peikar Måløy vidaregåande skule seg ut. Ved denne skulen må det satsast vidare på ein maritim fagskule.
Sogn og Fjordane må meir inn på kartet som eit olje- og energifylke. Vi har fleire stader som høver for den slags aktivitetar. Vi må freiste å legge til rette slik at dei blir attraktive for oljeselskapa og deira val av landtenester, men også øve påtrykk overfor regjeringa og statlege myndigheiter slik at vi får meir enn smulane når desse enorme ressursane som ligg utfor stovedøra vår skal utviklast.
Infrastruktur og samferdsle har alltid vore gjenstand for debatt i fylket. Vi har fått mange gode samband som skaper ein sunn og god vekst i sentra som vi treng. Men topografien i fylket er slik at ikkje alle får gjere seg nytte av desse hovedårane. Dette er stader med ein god industri som fylket klart har bruk for. Eg tenkjer spesielt på kysten.
Fylkestinget må ta eit spesielt ansvar for desse plassane som slit med å vere med i ein utvida bu- og arbeidsmarknad. Det er også slik at i miljøsamanheng er dette vegar som har gått ut på dato i høve til ein moderne trafikkflyt. Etter mi meining bør heile fylket samle seg om ein hovudveg på kysten med båt/veg tunnel gjennom Stad som ei naturleg forlenging. Det vil vere til stor hjelp for utviklinga av dei ulike næringane i kystregionen, medverke til større bu- og arbeidsmarknadsområde og auka velferd både lokalt og nasjonalt.
Helsetilbodet har vore og er flittig debattert. Venstre har alltid kjempa for eit kortreist tilbod så langt det fagleg kan oppretthaldast. Det vil eg framleis arbeide for.

Kåre Jarl Langeland, Bremanger — 6. kandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**