Vidareutvikling av Voss sentrum – eller mykje større butikksenter?

Administrasjon og politikarar er stort sett tause om korleis dei meiner tettstadutviklinga av Voss bør skje. Venstres 1.kandidat; Torstein Gunnarson, etterlyser på nytt i eit innlegg i “Hordaland” 1. sept. om kva dei meiner om ei skikkeleg konsekvensanalyse før nye vedtak om utbygging av butikksenteret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Konsekvensutgreiing om tettstadutvikling på Vangen må koma!

Voss Venstre har i fleire innlegg peika på at vidare utbygging av Amfisenteret (og i tillegg nye butikkar på Brynavollen og Palmafossen) kan føra med seg svært uheldige konsekvensar for Vangen sentrum. Berre Vangen sentrum har dei kvalitetar eit tettstadsentrum bør ha.

Dette kom klart fram i tettstadkonferansen her på Voss 21. og 22. aug., sjå referat i "Hordaland" 23. aug., og i innlegg frå Olav Ohnstad 30. aug..

Olav Ohnstad har og i avisinnlegg oppfordra dei politiske partia til å gå inn for at det må gjerast ei skikkeleg konsekvensutgreiing før saka skal behandlast. Berre Venstre har så langt støtta oppfordringa.

Ved tettstadkonferansen var det mange frå administrasjonen, og politikarar frå dei fleste partia på Voss tilstades. Med det som der vart fortalt, m.a. erfaringar frå andre tettstader/småbyar, trudde eg faktisk at administrasjon og politikarar straks ville koma med utspel om at ei slik konsekvensutgreiing sjølvsagt ville koma!

Kvifor er alle så tause?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**