Kva meiner de i Voss Venstre?

Med tanke på de som tar ein titt på heimesida vår no i helga, gir leiar Kristian Østrem, og 1. kandidaten; Torstein Gunnarson ,ei kort orientering om kvar ein kan finna svar på ulike spørsmål.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Til hjelp for deg som tar ein titt på heimesida vår no i helga:

Trykkjer du på “Arkiv” nedst på eit innlegg du har tatt opp, vil du kunna få opp heile programmet vårt. Elles har vi prøvd å få fram Voss Venstre sin politikk i innlegg i “Hordaland”. Desse innlegga er også lagt inn her på heimesida. Så velkomen til å lesa innlegg om tettstadutviklinga på Voss/utviding av Amfisenteret, om kulturpolitikk, speleautomatar/tippemidlar, eldreomsorg, skule/oppvekstmiljø, arbeidsplassar/næringsliv, miljø, eit innlegg frå dei unge på lista vår, og vår lovnad for komande valperiode. Heile vallista finn du også her.

Som eige oppslag finn du også eit “innlegg” om skulestruktur, som ikkje kom inn i Hordaland.

Så nokre av dei spørsmåla vi ikkje har svara på i Hordaland, eller fått spørsmål om på stands og elles:

Privatisering av eldreomsorga: På valmøtet om eldreomsorga sa 1. kandidaten, Torstein Gunnarson, at Venstre ikkje kunne sjå for seg private sjukeheimar i Voss. Pga. det nære samarbeidet som bør vera mellom heimesjukepleie og sjukeheimar, er ein også svært skeptisk til privat heimesjukepleie. Derimot har ein ikkje eit absolutt standpunkt når det gjeld privat heimehjelp.

Opprusting av Bergensbanen: Sjølvsagt vil også Venstre prøva å pressa på via våre representantar på Stortinget til at dette kan skje så fort som råd er. Venstres representant i samferdselskomiteen på Stortinget, Borghild Tenden, var på Voss i slutten av juli, og blei oppdatert på behova og planar. Men det ser dessverre ut for at “Ting tar tid”!

Tunnel bak Vangen: Her er planane vedtatt, unntatt detaljar med bompengar, og vi reknar med at arbeidet med Vossapakka” vil gå etter planen.

Riving av “Enkjeheimen”: Venstre har tidlegare gått mot dette, og ser ingen grunn til å endra standpunkt.

Tiltak innan idrett: Venstre har i programmet tatt med punkt om betre fritids- og idrettstibod til personar med nedsett funksjonsevne, nytt symjebasseng, nytt dekke for friidrett på idrettsplassen, ein auke i støtta til lag og organisasjonar Dette gjeld også til vedlikehald av idrettsanlegg. (Venstre er det partiet som tatt med flest punkt i programmet sitt om idrettstiltak — SV, Frp, RV har ingenting, mens Ap, H, KRF og Sp har eitt punkt kvar.)

Ubetring av bygdevegane: Ja, mange av bygdevegane i Voss er i ei sørgjeleg forfatning.
Vi har her ei meir generell formulering om at “Voss Venstre ønskjer ein aktiv kommunal innsats for vedlikehald kommunale vegar, trafikksikring, gang- og sykkelvegar.”

Ring gjerne! Kr.Østrem 905 28 522, Torstein Gunnarson 911 71 590

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**