Det politiske spelet

Nyvald kommunestyre representant for Fjell Venstre, Tore Turøy, har i dag eit lesarbrev på trykk i Vestnytt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Som nybyrjar i politikken må eg berre få lov til å dele litt av mine inntrykk frå mine to første dagar som nyvalt kommunestyrerepresentant for Venstre i Fjell. Men først av alt vil eg takka alle som gav sin stemme til oss.

Dette må verte ein kortversjon. Skulle eg fortalt om alt som har skjedd etter at valresultatet vart kjent seint måndag kveld, må eg skrive ein heil roman.

Det byrja med at eg vart kontakta av H med spørsmål om korleis eg stilte meg til å støtte eit samarbeid mellom Frp og H. Å sitje i kommunestyre som einaste representant frå Venstre og vere garantist for Frp og H i fire år framover, såg eg som ein håplaus oppgåve. Og takka derfor nei.

Det som då skjedde var at Frp, H og KrF gjekk saman og starta forhandlingar. Ein times tid seinare
kom dei ut frå møtet og kunngjorde at det var brot. Men ein må ikkje tru at det ikkje skjedde noko i den andre leiren. Det var møter i korridorane og på møterom. Tekstmeldingar svirra fram og attende og mobiltelefonar kima i eit kjør. I tillegg luska pressa kring for å snappe opp kva som skjedde.

Etter brotet i forhandlingane fekk eg nok ein gong vitjing av H som lurte på om Venstre kunne tenkje
seg å støtte ein annan konstellasjon som bestod av H, V, KrF, AP og Sp som til saman ville få fleirtal. Til det svara vi at det kunne vi snakke om. Etter eit møte som varte kring ein time vart vi samde om å arbeide vidare med dette alternativet og møtast dagen etter kl 18. Då var klokka nærmare to på natta.

Tysdagen var også hektisk med telefonar, e-postar, tekstmeldingar og svirring av rykte. Men likevel,
vi møtte optimistisk på rådhuset i god tid før kl. 18. Etter å ha gått litt rundt i korridorane med ein følelse av at det var noko som ikkje stemte, men som eg ikkje klarte å finne ut av, møtte vi
som avtalt kl. 18. Det vart eit kort møte. Det vart kunngjort at H og KrF hadde gjort kuvending og likevel ville gå saman med Frp dei neste fire åra.

Personleg har eg ingen problem med denne løysninga, men må innrømme at det har vore eit spesielt møte med politikken. Men slik skal det kanskje vere?

Vi i Venstre vil uansett bruke mandatet vi har fått til beste for vår politikk og håper at det vil bli til
beste for dei som har valt oss inn. Vi kan love at vi vil stå på for å få mest mogeleg gjennomslag for våre hjertesaker som er ei framtidsretta løysing av nytt fastlandsamband som samstundes vil vere til beste for heile regionen, gode straksløyingar av dei trafikale problema og ein god utvikling av heile kommunen. Ikkje minst vil vi prioritere utviklinga i utkantane og i dei gamle grendene. I tillegg til mange andre gode saker.

Så vil vi ynskje lukke til til dei som har funne kvarandre og vil ha styringa framover. Ikkje minst ynskjer vi Lars Lie til lukke med ordførarklubba. Etter mi oppfatning er han ein moderat høgremann som det går an å snakke med og som vil arbeide for løysningar til beste for innbyggjarane. Håpar at han kan vere ein som samlar både dei som skal styre, og oss andre som vil sitje i opposisjon, til beste for alle som bur i kommunen og i regionen elles.

Det skal bli spanande å vere med å styre kommunen dei komande åra, og det kan hende at lesarane vil få fleire betraktningar frå underteikna om det som skjer på innsida.

Tore Turøy
Fjell Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**