Dårleg kommuneval, godt fylkestingsval for Venstre

Kommunevalet gjekk ikkje så godt for Froland Venstre, med 42 stemmer, 2,0% og ein minus på 11 sidan kommunevalet i 2003. Men fylkestingsvalet gjekk betre, med 66 stemmer, 3,5% og ein framgang på 16 stemmer frå 2003.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Venstre Logo Hamarøy Framtid Pike Optimist Sjarm Jente

Foto: ukjent

I stortingsvalet i 2005 var det 103 Venstrestemmer i Froland, og heile 4,1% av stemmene.

Årets kommuneval i Froland bryt med resultata i så godt som alle andre Aust-Agderkommunar, der resultatet blei 6,6% til fylkestingsvalet, og kommuneresultat på 16,2% i Grimstad, 14,4% i Iveland, 13,9% i Risør, 15,2% på fellesliste med Høgre i Bygland og stor framgang både i Tvedestrand og Arendal.

Konklusjonen er at det er mange Venstreveljarar i Froland som gjerne vil ha eit sterkt Venstre, og så skal vi gjenreise kommunepartiet slik at Venstre er på plass igjen i Froland kommunestyre frå 2011.

Ta kontakt med Svein Kåre Leikvangen, Signe Lyngroth eller fylkessekretær Andreas Koch.

Velkomen i Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**